Aurvoll og furesund foto Aurvoll og Furesund
TRE GODE ÅR: Entreprenørselskapet Aurvoll og Furesund har hatt tre gode år. No er dagleg leiar Eivind Lars Berge usikker på framtida,. Foto: Aurvoll og Furesund
Nytt

– Bransjen er inne i ein dårleg spiral

Aurvoll og Furesund med rekordomsetning og god lønnsemd. Men Ukraina-krigen gir usikkerheit.

Marius Rosbach
06.04.2022

Fjoråret baud på rekordomsetning og lønnsemd heilt i toppskjiktet av Aurvoll og Furesund si 15 år lange lange historie.

– Det er eit fantastisk bra resultat som vi gler oss over. For oss er det botnlinja som der viktig, og den har sett bra ut i tre år, slår dagleg leiar Eivind Lars Berge fast til NETT NO.

Men han hugsar også at dei hadde tøffe år i forkant, etter oljeprisfallet. Og når han ser framover, er sjefen for entreprenørselskapet uroa for framtida.

Ei rekke utfordringar
Aurvoll og Furesund-sjefen har ei lang liste med utfordringar:

– Det er stor usikkerheit i bransjen. Vi har ekstremt høge dieselprisar, stålprisane går op som gir utslag i armering og stål til bygg. Betongprisane skal opp, lønningane skal opp og det same gjeld for røyrprisane. Det siste vi fekk høyre no, er at prisane på sprengstoff også går drastisk opp.

– Bransjen er i inne i ein dårleg spiral generelt for bygg- og anleggsbransjen, legg Berge til.

I fjor på same tid hadde Aurvoll og Furesund 50-55 personar i arbeid, men i år har det blitt mindre. Berge anslår at dei har kring 35 årsverk i dag, pluss innleige.

– Minkande oppdragsmengde
Om Aurvoll og Furesund-sjefen skal sjå inn i krystallkula, trur han at mykje vil normalisere seg om Ukraina-krigen får ein slutt. Kva tid det kan skje, vil han ikkje spå om.

Men per i dag konstaterer han at usikkerheita gjer at mange ikkje tør å sette i gong med prosjekt.

– Det er ein minkande oppdragsmengde i bransjen, fortel han.

Herøy-selskapet har no godt med arbeid til over sommaren. Derifrå er det meir usikkert.

Det er ein minkande oppdragsmengde i bransjen
Eivind Lars Berge

Etterlyser krisehjelp
Entreprenøren er skuffa over at ikkje regjeringa har «kome på bana», som han seier med ein form for tiltak for bransjen. Utfordringane med kostnadsauke, gjer at det er blitt lufta frå fleire politiske parti.

– Eg rekna på dieselprisane for litt sidan, og då hadde vi så langt i år hatt ei auke på dieselutgifter per månad på 250.000 kroner. Det får vi ikkje tatt inn noko stad, ettersom kontraktane har faste prisar, fortel han.

Kutt i drivstoffavgiftene er eit tiltak Berge vil vere målretta – og som kan hjelpe betydeleg.

Aurvoll og Furesund as

Tal i mill. kroner

2021
2020
Driftsinntekter
108,7
99,6
Driftsresultat
6,3
6,6

Resultat før skatt

6,4
6,7

Publisert: 06.04.2022 10:30

Sist oppdatert: 06.04.2022 10:30

Mer om