Nett no magasin cover utbrett 11
PÅ NETT OG PAPIR: Avisa dekker nærings- og samfunnslivet på Sunnmøre, i Nordfjord og i Romsdal på nett. Ein gong årleg kjem også NETT NO-magasinet. Foto: NETT NO
Nytt

- Ein skikkeleg jubeldag

Full utteljing med pressestøtte for NETT NO.

Marius Rosbach
02.02.2023

NETT NO får etterbetalt 2,8 millionar kroner i produksjonsstøtte frå Medietilsynet for åra 2020, 2021 og 2022. Det er klart etter at tilsynet har gjort nye vedtak for desse åra.

- I går var ein skikkeleg jubeldag for oss, skriv NETT NO-redaktør Kjetil Haanes til Journalisten, som omtalte saka først.

Medieklagenemnda oppheva før jul fleire tidlegare avslag frå Medietilsynet om støtte. No har tilsynet fatta nye vedtak for desse åra.

- Dette er utruleg gledeleg, og vil føre til at vi både får rydda opp i ein krevjande gjeldssituasjon, og i tillegg har midlar til auka redaksjonell satsing. På mange måtar vil det snu kvardagen opp ned for oss som arbeider i NETT NO, og vi har no all grunn til å vere optimistiske for framtida, seier Haanes til NETT NO.

- Etter å ha krangla med Medietilsynet i fire-fem år, må vi rette ein stor takk til Medieklagenemnda som har forstått kor viktig rolle vi har for mediemangfaldet på Nordvestlandet, legg han til.

I tillegg til støtte for dei enkelte åra, får avisa eit eingongsbeløp fordi redaksjonen er ny i ordninga. Redaktøren lovar at dette er midlar som abonnentane vil merke ved at produktet vert betre.

Publisert: 02.02.2023 12:45

Sist oppdatert: 02.02.2023 17:45

Mer om