Kleven psv havyard atlantic juni 2020 11
SØKSMÅL: Bustyret etter Kleven-konkursane krev 136 millionar kroner frå den tidlegare eigaren av Kleven Verft. Grunnlaget er i første rekke rekna ut frå tap som verftet fekk i samband med eit pågåande byggeprosjekt. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Ein ukomfortabel og fiendtleg stemning

Den tidlegare Kleven-eigaren sin topp-jurist var sjokkert etter første møte ansikt til ansikt med bankane.

Marius Rosbach
15.11.2023

Onsdag vitna Div Group sin toppjurist i søksmålet mot den tidlegare eigaren av Kleven Verft.

Bustyret etter konkursane i verftsselskapa har gått til søksmål mot Tomislav Debeljak og forsikringsselskapet Tryg som hadde styreforsikring for den kroatiske forretningsmannen.

Zdenko Šoš leiar det juridiske arbeidet til verftseigaren sitt kroatiske konsern Div Group, og fortalde mellom anna om si oppleving om eit mykje omsnakka skjebnemøte den 23. juni 2020.

– Det var ein ukomfortabel og fiendtleg stemning, oppsummerte juristen som leiar lovavdelinga til det kroatiske konsernet.

– Oppfatta det som nedlatande
Møtet var første gongen den nye Kleven-eigaren møtte bankane ansikt til ansikt, etter at koronarestriksjonar hadde gjort dette vanskeleg.

Det var Div Group som bad om møtet, og Debeljak ville presentere seg og Div Group, snakke om komande prosjekt og ulike problem som hadde oppstått på Kleven. Samtidig hadde bankane gitt uttrykk for at dei var uroa for korleis Kleven blei drive under Debeljak.

Div Group-juristen fortalde at Debeljak starta på sin presentasjon, men at han blei avbrote fleire gonger.

Mellom anna skal verfteigaren ha blitt fortalt at det var kulturelle skilnader mellom Norge og Kroatia – og at han måtte stå ved inngåtte avtaler.

– Eg oppfatta det som nedlatande og at det blei gitt uttrykk for at vi ikkje hadde forretningskultur i Kroatia, kommenterte juristen.

Fekk aldri fullført bodskapen
Då Debebeljak i møtet kom inn på si misnøye med den tidlegare verftsleiinga, slo ein av bankane sin advokat i bordet og kalla Debeljak ein løgnar, ifølgje Div Group-juristen.

Møtet blei etterpå avbrote før Debeljak var ferdig med sin presentasjon, ifølgje Šoš.

Juristen meiner stemninga i møtet var årsaka til at kroaten aldri fekk fullføre, men såg ikkje vekk frå at eigarens engelsk var medverkande til at han ikkje nådde fram med bodskapen.

– Vi lurte på om det var sant
Etter møtet har retten fleire gonger fått høyre korleis bankane ikkje hadde noko anna val, enn å seie opp låna til Kleven. Dei meinte at det dei fekk høyre frå Debeljak, reiv ned all tillit til verftseigaren og at det ikkje var nokon veg vidare.

Toppjuristen blei også spurt om korleis Debeljak og Div Group sine folk reagerte då dei fekk beskjeden frå bankane.

– Vi lurte på om det var sant, svarte Šoš.

Juristen fortalde at han venta bankane ville kome med oppfølgingsspørsmål, eller etterlyse meir informasjon av økonomien – men ikkje at dei ville kansellere avtalane.

Publisert: 15.11.2023 11:56

Sist oppdatert: 15.11.2023 12:07

Mer om