Bjørn Åge Hamre tingretten foto marius
SØKSMÅL: Bustyrar Bjørn Åge Hamre har teke ut søksmålet mot tidlegare verftseigar Tomislav Debeljak (t.v. bak). Saka går føre seg i Hordaland tingrett i Bergen til og med torsdag denne veka. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kleven-søksmålet: – Tidleg konfronterande frontar

Banksjef og GIEK-tilsett ikkje i tvil om at det var rett av bankane å seie opp avtalen med tidlegare verftseigar.

Marius Rosbach
13.11.2023

Måndag heldt søksmålet mot tidlegare Kleven-eigaren fram i Hordaland tingrett.

Bustyret har saksøkt den tidlegare verftseigaren Tomislav Debeljak for 136 millionar kroner for tapa til Kleven. Saksøkte og forsikringsselskapet Tryg sine advokatar ber om frifinning.

NETT NO følgjer rettssaka

– Ein eigar vi ikkje kunne forhalde oss til
Banksjef Thorleif Aasland i Nordea, Jan Inge Roald i dåverande GIEK og advokat Marius Gisvold som representerte ein av bankane, kom måndag mellom anna med sine versjonar av eit mykje omtala skjebnemøte den 23. juni.

Nordea-banksjef Aasland fortalde at Kleven-eigaren førte ordet i møtet, og at det var amper stemning frå start.

– Det var tidleg konfronterande frontar. Debeljak kom med påstandar om at han var lurt. Det var mellom anna snakk om ei valutasikring som var ugunstig for selskapet, og ein del andre ting, fortalde Aasland i sin vitneforklaring.

Aasland oppfatta ikkje at det var noko språkproblem undervegs, men fortalde at hans konklusjon etter møtet var klar:

– Dette var ein eigar vi ikkje kunne forhalde oss til, sa han.

Etter møtet blei sa bankane opp sine avtaler med Kleven – som førte til at verftsselskapa gjekk konkurs.

Blei overraska over framferda
Seniorrådgivar Jan Inge Roald i dåverande GIEK, deltok også i det avgjerande møtet mellom Debeljak og Div Group sine folk og bankane.

GIEK hadde garantert for det sokalla Havyard-prosjektet – eit skip som var under bygging og er sentralt i saka. Han fortalde at det viktigaste frå deira sin side var om byggeprosjektet ville bli gjennomført meir, eller mindre som planlagd.

– Det vart tydeleg for oss at det var veldig lite truleg at skipet ville bli ferdig ifølgje kontrakten, var Roald sin konklusjon.

GIEK-rågvidaren la til at han var overraska over måten Debeljak fortalde at han ville drive på, og at bodskapen blei framført i ein «underleg» og «springande» form.

– Vi kunne ikkje forstå kvifor ikkje dei finansielle rådgjeverande hans hindra han frå å begå finansielt sjølvmord, la Roald til.

– Gullkanta «deal»
Ein av grunnane til at Debeljak meinte han var lurt, var at den lokale verftsleiinga hadde inngått det han meinte var ein dårleg avtale i samband med byggeprosjektet.

Advokat Marius Gisvold var involvert ved starten av prosessen med Kleven-salet, og representerte ein av bankene undervegs. Han delte ikkje Debeljak sin oppfatning av at avtalen med Havyard var dårleg for Kleven.

– Det var ein gullkanta «deal» for Kleven, sa han til retten.

Advokaten meiner det var rekna god inntening for Havyard sin del i utgangspunktet, og at kalkylane såg betre ut for Kleven.

– Var óg ein fantastisk valutasikring, som var gjort på rett tidspunkt, men det blei snudd på hovudet frå Debeljak, la Gisvold til.

Publisert: 13.11.2023 11:45

Sist oppdatert: 13.11.2023 21:11

Mer om