- Datasentre treng mykje kraft. Likevel er Lefdal Mine oppsiktsvekkande energieffektivt då nødvendig kjøling vert gjort med sjøvatn frå den 565 meter djupe fjorden.
- Sjølve datasenteret er lokalisert under overflatenivået. Det eliminierer behovet for omfattande, høgkapasitets pumper for å løfte sjøvatn til varmevekslaren.
Dette opplyser ABB i ei pressemelding.
ABB har vore involvert i prestisjeprosjektet frå starten i den gamle gruva ved Bryggja sidan starten. Selskapet opplyser at her vert det tenkt grønt i alle ledd og så langt har selskapet levert kraftløysingar som vert mata frå fire vasskraftverk og to vindparkar med ein total effekt på drygt 300 megawatt (MW).
ABB opplyser at ein har fått bygt eit mellomspenningsnettverk basert på SafePlus frå ABB i Skien for å møte utfordringa med distribusjon av store kraftmengder i det omfattende datasenteret.
Selskapet opplyser i tillegg om at kvar del av datasenteret er sikra med ein eigen UPS. Dersom det oppstår problem med kraftnettet sparkar UPS-ane i gang på et par millisekund og dermed sikrar påliteleg kraft inntil reservegeneratorane kjem i gang.
Det er forventa at datasenteret vil vekse fort. ABB opplyser at selskapet skal levere levere eit kraftsystem som forblir stabilt etter kvart som datasenteret veks opp til 200 MW frå noverande 10 MW i etapper over dei neste tre åra.
Når Lefdal Mine er ferdig, vil det vere blant dei største datasentra i Europa.
Så langt er rundt 120 000 kvadratmeter gjort tilgjengeleg i datasenteret, ein stor del av det i kontainarar frå Rittal der kontainarane er plasserte i dei underjordiske gruvegangane.
- Sjølve datasenteret er lokalisert under overflatenivået. Det eliminierer behovet for omfattande, høgkapasitets pumper for å løfte sjøvatn til varmevekslaren.
Dette opplyser ABB i ei pressemelding.
Energireduksjon på 30-40 prosent
Selskapet meiner at Lefdal Mine Datacenter er blant dei grønaste datasentra i verda med ein energireduksjon på 30-40 prosent samanlikna med tradisjonelle datasentre.ABB har vore involvert i prestisjeprosjektet frå starten i den gamle gruva ved Bryggja sidan starten. Selskapet opplyser at her vert det tenkt grønt i alle ledd og så langt har selskapet levert kraftløysingar som vert mata frå fire vasskraftverk og to vindparkar med ein total effekt på drygt 300 megawatt (MW).
ABB opplyser at ein har fått bygt eit mellomspenningsnettverk basert på SafePlus frå ABB i Skien for å møte utfordringa med distribusjon av store kraftmengder i det omfattende datasenteret.
Naudløysingar
Eit desentralisert naudstraumsystem er også integrert i kraftløysinga for å handtere eventuelle straumbrudd.Selskapet opplyser i tillegg om at kvar del av datasenteret er sikra med ein eigen UPS. Dersom det oppstår problem med kraftnettet sparkar UPS-ane i gang på et par millisekund og dermed sikrar påliteleg kraft inntil reservegeneratorane kjem i gang.
Det er forventa at datasenteret vil vekse fort. ABB opplyser at selskapet skal levere levere eit kraftsystem som forblir stabilt etter kvart som datasenteret veks opp til 200 MW frå noverande 10 MW i etapper over dei neste tre åra.
Når Lefdal Mine er ferdig, vil det vere blant dei største datasentra i Europa.
Så langt er rundt 120 000 kvadratmeter gjort tilgjengeleg i datasenteret, ein stor del av det i kontainarar frå Rittal der kontainarane er plasserte i dei underjordiske gruvegangane.
Publisert: 02.07.2018 15:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23