Eitt steg naerare Solstad loeysing
STØTTE: Lars Peder Solstad skal vere med vidare som større aksjonær i Solstad Offshore.
Nytt

Eitt steg nærare Solstad-løysing

Kredittkomiteane hos eit fleirtal av långivarane seier ja til refinansieringa av Solstad Offshore, i følgje ei børsmelding.

30.05.2020
Offshoreselskapet skriv i børsmeldinga at det ventar at det ventar ei tilsvarande godkjenning frå resten av det "relevante" långivarane med pant innan 5-10 dagar.

Refinansieringsplanen innenber at långivarane gjer om 10 milliardar krone i gjeld til aksjar, slik at dagens aksjonærar nesten blir nulla ut. Tre av aksjonærane, Kjell Inge Røkke-kontrollerte Aker Capital, John Fredriksen Hemen Holding og administrerande direktør Lars Peder Solstad, får imidlertid rett til å bli med vidare mot å skyte inn ny pengar som sikrar dei ein tredjepart av aksjane. Det har dei stadfesta at dei vil gjere, i følgje meldinga.

Kvittar seg med skip

Som ein del av planen skal 37 eldre skip enten seljast eller hoggast opp, slik at selskapet skal sitte att med ein flåte på omlag 90 skip.

Solstad Offshore er skapt av å samle Rem Offshore, Farstad Shipping, Deep Sea Offshore og Solstad Offshore i eitt selskap. Det skjedde etter at oljeprisen fall i 2014 og marknaden for offshoreskip stupte etterpå.

Kjøper opp

Eit reiarlag som kjøper skip er nye Rem Offshore. Gamle Rem Offshore vart slukt av Solstad etter at Aker fekk kontroll over eit obligasjonslån og dermed kunne presse gjennom at gamle Rem Offshore gjekk inn i Solstad-systemet.
Storaksjonær Åge Remøy i Rem Offshore starte nytt offshoreselskap etter å ha tapt maktkampen om gamle Rem Offshore og kunne ta namnent tilbake då det vart ledig.

Publisert: 30.05.2020 08:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57