(NPK-NETT.NO): Janus produserer no munnbind, som blir sydd på Ekornes-fabrikken i Sykkylven.
– Vi har fått vår første ordre som vi skal begynne på tysdag, seier Arne Fonneland, direktør i Janus til NRK.
Ordren på 10.000 munnbind kjem frå Bergen kommune. Janus-fabrikken produserer til vanleg ullklede. Dei tilsette som hadde fått påskeferie har no blitt bedt om å møte på fabrikken for å lage munnbind.
– Vi leverte 150 smittevernfrakkar til ein privat aktør før helga. No har vi også gjort avtale med Sjukehuskjøp HF om å levere ytterlegare 2.300 slike frakkar, seier produksjonssjef Per Kjetil Våtmyr hos Ekornes til .
Sykkylven-bedrifta Sandella Fabrikken har også fått ei stor ordre om å levere komponentar til smittesikre transportkuvøser, skriv avisa og viser til Sykkylvsbladet som omtala saka først.
– Kunden må definere kor i verdikjeda ein skal bruke dette. Ein ville nok ikkje gått inn på ei intensivavdeling eller ei operasjonsstove med dette, men det kan fungere veldig godt når ein for eksempel skal jobbe saman med mindre enn to meters avstand. Dersom ein skal bruke det fremste produktet i alle situasjonar, kan ein gå tom for munnbind som bør sparast til dei strengaste områda, seier Fonneland.
Kommunaldirektør Robert Rastad i Bergen kommune, seier at dei har bestilt inn munnbinda som eit føre-var-tiltak.
(©NPK)
– Vi har fått vår første ordre som vi skal begynne på tysdag, seier Arne Fonneland, direktør i Janus til NRK.
Ordren på 10.000 munnbind kjem frå Bergen kommune. Janus-fabrikken produserer til vanleg ullklede. Dei tilsette som hadde fått påskeferie har no blitt bedt om å møte på fabrikken for å lage munnbind.
Også oppdrag om smittevernfrakka
Ekornes-fabrikken i Sykkylven har mykje ledig kapasitet etter at dei fleste tilsette er permitterte. Difor har dei også teke på seg eit oppdrag om å sy smittevernfrakkar.– Vi leverte 150 smittevernfrakkar til ein privat aktør før helga. No har vi også gjort avtale med Sjukehuskjøp HF om å levere ytterlegare 2.300 slike frakkar, seier produksjonssjef Per Kjetil Våtmyr hos Ekornes til .
Sykkylven-bedrifta Sandella Fabrikken har også fått ei stor ordre om å levere komponentar til smittesikre transportkuvøser, skriv avisa og viser til Sykkylvsbladet som omtala saka først.
Les også:
Oppfyller ikkje EU-krav
EU-standaren for munnbind krev at stoffet skal ha ein bakteriologisk barriere på 95 prosent. Munnbinda til Janus har ein barriere på 90,1 prosent. Janus-sjefen meiner det går fint at munnbinda ikkje oppfyller kravet frå EU, så lenge dei blir brukt fornuftig.– Kunden må definere kor i verdikjeda ein skal bruke dette. Ein ville nok ikkje gått inn på ei intensivavdeling eller ei operasjonsstove med dette, men det kan fungere veldig godt når ein for eksempel skal jobbe saman med mindre enn to meters avstand. Dersom ein skal bruke det fremste produktet i alle situasjonar, kan ein gå tom for munnbind som bør sparast til dei strengaste områda, seier Fonneland.
Kommunaldirektør Robert Rastad i Bergen kommune, seier at dei har bestilt inn munnbinda som eit føre-var-tiltak.
(©NPK)
Publisert: 28.04.2020 13:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55