Roger Lunde CEO Ekornes foto Ogne
UTVIDAR STRESSLESS-UNIVERSET: Stressless-varemerket skal omfatte fleire produkt og fleire produktkategoriar, seier Ekornessjef Roger Lunde. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ekornes satsar på soving

Lanserer Stressless-madrasser i eksportmarknaden og kjem med Stressless sovesofa.

27.04.2022

- Det kjem masse nytt, både innan produkt og produktkategoriar, seier Ekornes-sjef Roger Lunde om Ekornes-konsernet sine planar framover.

Møbelprodusenten med hovudkontor og hovudfabrikk i Sykkylven har lagt bak seg nok eit kvartal med sterk vekst samanlikna med same kvartal i fjor, (sjå tabell) og har også auka lønsemda frå 4. kvartal i 2021 til 1. kvartal i år.

Stigande råvare- og transportkostnadar svekka lønsemda i førre kvartal, men Ekornes sette opp prisane og fekk betalt for det i 1. kvartal i år.

Les børsmelding her

Brukar Stressless-varemerket
Stressless starta som eit varemerke for kvilestolar og -sofaer, men skal no brukast meir aktivt for å selge meir også av andre produktkategoria.

Det handlar om å selje ei større breidde at produkt gjennom Stressless sine etablerte salskanalar, ifølgje Lunde.

Ekornes sin madrassfabrikk på Fet nord for Oslo lagar madrasser som i Noreg, Sverige, Danmark og Finland blir seld under varemerket Svane. Svanemerket er også delvis innarbeidd i Tyskland, men i den vidare eksportsatsing blir det Stressless-varmerket som blir bruk utanom Norden.

Sovesofa
Ekornes har tidlegare lansert både spisebordstolar og utemøblar under Stressless-varemerket, og går alt som Lunde vil kjem ein Stressless sovesofa på marknaden neste år.

Forretningsområdet Stressless er det klart største i Ekornes-konsernet. Av 1488 millionar kroner i driftsinntekter og 234 millionar kroner i driftsresultat i 1. kvartal 2022 utgjer sal av Stressless-produkt 1106 millionar i driftsinntekter og 188 millionar kroner i driftsresultat.

Ekornes QM Holding as
1. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt14881044
Driftsresultat234162
Resultat før skatt163111

Publisert: 27.04.2022 14:00

Sist oppdatert: 16.05.2022 14:12

Mer om