NTB q Qej32 B Ar8
DYRARE: Prisen på fleire viktige fiskeslag har stige. Det er forklaringa på den store auken i verdien på sjømateksporten i april. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Nytt

Eksportrekord etter prishopp

33 prosent auke i sjømateksporten i april.

04.05.2022

NPK-NTB: Noreg eksporterte sjømat for 11,3 milliardar kroner i april. Det er ein auke på 2,8 milliardar kroner, eller 33 prosent, samanlikna med april i fjor.

I årets første fire månader eksporterte Noreg sjømat for 45,4 milliardar kroner. Det er ein verdivekst på 25 prosent, eller 9,1 milliardar kroner, målt mot første tertial i fjor, melder Noregs sjømatråd.

– Høgare prisar på viktige artar som laks, torsk, aure og hyse er dei største bidragsytarane til verdiveksten denne månaden, seier Børge Grønbech, konstituert administrerande direktør i Noregs sjømatråd.

Prisauke på all mat
Ifølgje Grønbech er det fleire årsaker til auken. Mellom anna bidreg høgare matvareprisar på verdsmarknaden til å løfte prisane òg for norsk sjømat.

I tillegg er det lågare tilførsel av viktige fiskeslag, både frå Noreg og andre land. Gjenopninga av hotell og restaurantar gir òg auka etterspurnad frå godt betalande kjøparar.

– Det er framleis krevjande å drive global varehandel. Dyrare innsatsfaktorar, energi- og drivstoffprisar som aukar og meir krevjande logistikk er nokre av faktorane som bidreg til dette. Vidare blir det utfordrande å byggje marknader ved så fluktuerande prisar, sjølv om norsk sjømat står støtt, seier Grønbech.

Laks for 8,1 milliardar i april
Det er laks som står for den største delen av den norske sjømateksporten. Berre i april vart det eksportert 82.500 tonn laks til ein verdi av 8,1 milliardar kroner. Verdien auka med 2,4 milliardar kroner, eller 43 prosent, samanlikna med april i fjor, men volumet fall med 3 prosent.

Polen, Frankrike og Danmark var dei største marknadene for norsk laks i april.

Publisert: 04.05.2022 08:05

Sist oppdatert: 04.05.2022 08:12