Ekstraordinaer generalforsamling i Fjord1
STYREJAKT: Per Sævik (innfelt) og dei andre storeigarane i Fjord1 skal ha inn to nye styremedlemmar i reiarlaget. 
Nytt

Ekstraordinær generalforsamling i Fjord1

Konsernet er på jakt etter nye styremedlemmar etter at fleire har trekt seg. 

Marius Rosbach
20.12.2019
Fjord1 kallar inn til ekstraordinær generalforsamling tysdag 14. januar. Forutan formalitetane er det val av nye styremedlemmar som står på dagsorden, kjem det fram i ei fredag.
Konsernet opplyser at det blir jobba med å finne ein erstatning for Frederik Wilhelm Mohn og Brita Eilertsen.

Trekte seg i protest

Dei to styremedlemmene trekte seg i protest etter at dei blei kjent at Sævik-familien vurderte ei samanslåing av transportselskapet og Havila Kystruten.
Finansprofessor Karin Thorburn ved Norges Handelshøgskule har uttalt til Dagens Næringsliv at ein fusjon mellom Havila Kystruten og Fjord1 kan gå utover mindre eigarar.
- I så fall er dette eit eksempel på dårleg eigarstyring, sa ho til avisa.

Les også:



Oppkjøp og ny partnar

Hovudaksjonær Havila kjøpte nyleg aksjar for 675 millionar kroner og tok kontrollen med 66,5 prosent av aksjane i Fjord1. Samstundes vart det opplyst at Havila hadde inngått partnerskap med amerikanske Vision Ridge Partners, og at dei i fellesskap kontrollerer 70,35 prosent av aksjane i transportselskapet.
Per Sævik forsvarar grepet og har opplyst at ein har arbeidd med planane sidan i vår.
– Dette er eit steg nærare det vi lova då vi gjorde det første kjøpet av Fjord1-aksjar i 2011. Vi sa då at vi skal verte ein ikkje ubetydeleg reiselivsaktør, og det ligg fast,

Les også:


Publisert: 20.12.2019 14:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48