Måndag er ein stor delegasjon bedrifter og andre aktørar frå Møre og Romsdal på plass i Oslo for vårens Bli med hit-arrangement i hovudstaden.
I tillegg til å vere ei jobbmesse for dei som er nysgjerrige på karrieremoglegheitene på Nordvestlandet, får arbeidsgivarane tips og innspel til korleis dei kan jobbe med rekrutteringa.
Christina Frøysa Tønseth frå Strawberry-konsernet var mellom dei som kom med sine råd. Ho er busett i Ålesund og jobbar som marknadssjef for alle Quality-hotella i Norden.
Tønseth meiner det ikkje er nokon grunn til å vere beskjeden på vegne av Møre og Romsdal.
– Vi må tørre å tenke stort. Vi har ein fantastisk plass med meir enn nok jobbmogleheiter. Og det er ikkje sant at ein må gi avkall på noko ved å flytte heim, seier ho til Nett No.
Fleire er opptekne av livskvalitet
Tønseth peiker på at livskvalitet og balanse mellom jobb og fritid er blitt meir viktig for mange unge arbeidstakarar.
– Vi må spele på følelsar og dei moglegheitene som finst for å leve eit liv med kvilepuls. Er det noko folk er opptekne av i 2026, så er det livskvalitet, seier ho.
Ho meiner aktørane i fylket er tent med å stå saman i rekrutteringsarbeidet – slik næringsforeiningane gjer med Bli med hit-arrangementet.
– Vi må ikkje låse oss til kommunegrenser, og hugse på at vi i første rekke konkurrerer mot Trondheim, Oslo og andre større plassar, seier ho.

Geografi er blitt mindre viktig
Ho har sjølv opplevd korleis geografi er blitt mindre viktig i arbeidslivet. Sjølv starta ho å jobbe som marknadssjef for hotellkjeda frå Ålesund under koronapandemien.
– I snitt pendlar eg til Oslo ein dag i veka. Det fungerer veldig fint, seier ho.
Ho minner samtidig om at regionen har fleire spennande bransjar enn skipsindustri, fiskeri og møbel.
– Vi er ikkje så gode til å vise breidda i det fantastiske næringslivet vi har i regionen, legg Tønseth til.
– Viktig å bygge eit nettverk
For dei som er på jakt etter ein jobb i Møre og Romsdal, har Tønseth følgjande råd:
– Ver på hogget og ikkje ver redd for å ta kontakt direkte med bedrifter eller næringsforeininga. Og så er det viktig å bygge eit nettverk som gjer at du kjem inn i lokalmiljøet, seier ho.
Ålesund-kvinna påpeika at like viktig som å få tak på nye folk, er det å få tak på dei folka som vil bli verande. Ho fortalde deltakarane korleis hotellkonsernet jobbar med å bygge ein bedriftskultur med mangfald og inkludering.
– Vi prøver å bygge ein arbeidsplass som dei tilsette kjenner seg stolte over å høyre til, sa ho til salen.

Mange vil flytte heim
Salsdirektør Svein Henrik Hansen i Finn Jobb, innleia dagen med å fortelje om utviklinga i arbeidsmarknaden. Deira tal viser ein markant nedgang i talet på utlyste stillingar på landsbasis, sjølv om fallet er mindre i Møre og Romsdal enn dei fleste.
– Kampen om kandidatane i dykkar sin region er med andre ord litt tøffare enn dei fleste plassar, sa Hansen.
Han peika samtidig på at spørjeundersøkingar gjort blant busette i Oslo, viser at 1 av 4 gjerne vil flytte heim dit dei kjem frå.
– Det er kjempepositivt for dykk her i dag, la han til.
Hansen påpeika at høg lønn, spennande karriere moglegheiter og nærleik til slekt og familie er mellom dei viktigaste årsakene til at folk vil flytte heim.
Publisert: 20.04.2026 14:55
Sist oppdatert: 20.04.2026 14:57






