Ekstrautbyte for Soelvtrans eigarane
ÅLESUND: Nytt godt år for Sølvtrans, og direktør Roger Halsebakk, her med det 116 meter lange flaggskipet Ronja Storm, med ein brønnkapasitet på 7450 kubikkmeter.
Nytt

Ekstrautbyte for Sølvtrans-eigarane

Sølvtrans-eigarane har tatt ut 594 millionar kroner i ekstrautbyte i år.

29.07.2020
Det Ålesund-baserte brønnbåtselskapet Sølvtrans Rederi hadde samla inntekter på 707,9 millionar kroner i fjor, ned frå 813,8 millionar året før.
Resultatet før skatt vart på 270,6 millionar kroner, mot 387,8 millionar kroner.
Selskapet er eigd av Sølvtrans AS, som igjen er eigd av investeringsselskapet Asteric Topco 1, og der Sølvtrans-direktør Roger Halsebakk eig 15 prosent gjennom Ronja Capital, medan styreleiar Anders Hvide eig 3 prosent.
Ifølgje årsreknskapet har eigarane i år tatt ut eit ekstrautbyte på 594 millionar kroner, der 89 millonar kroner går til Ronja Capital.

Chile-pluss

Konsernet eig også Sølvtrans Chile, som i fjor hadde ei omsetning på 69,5 millionar kroner, og eit resultat på 18,6 millionar, samt Sølvtrans Management, som i 2019 omsette for 4,0 millionar og hadde eit resultat på 1,8 millionar.
Totalt er det 25 brønnbåtar i konsernet etter at Ronja Rye vart seld tidlegare i år.
Derimot har det kome til brønnbåtane Ronja Explorer, Ronjafisk, Ronja Storm og Ronja Islander.

Optimistisk styre

I selskapet Sølvtrans Rederi er det tilsett 187 sjøfolk.
Eigenkapitalen var ved årsskiftet på 882 millionar kroner, og langsiktig gjeld på 3,3 milliardar kroner, opp frå 1,8 milliardar året før.
Styret er optimistisk for framtida, og meiner at det vert auka etterspørsel av brønnbåt-tenester, spesielt av brønnbåtar med lukka system.

Publisert: 29.07.2020 09:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00