Ekstrem auke på hermetikk: – Heilt vilt
Etterspurnaden på hermetikkprodukt skyt i været, fortel Maritim Food-sjefen. No har den tidlegare nedleggingstruga bedrifta planar om å tilsette fleire.
Etter at hjørnesteinsbedrifta i Sande-bygda stod i fare for å bli lagt ned i fjor, peikar pilane no oppover for Maritim Food.
I desse dagar opplever dei ekstrem auke i etterspurnaden etter hermetikkprodukt, truleg som følgje av at folk hamstrar mat i koronafrykt.
– Det er heilt vilt og butikkane opplever no tydeleg at varene forsvinn raskare ut frå hyllene, fortel dagleg leiar Jan Brevik til NETT NO.
Les også: – Har vore masse folk som hamstrar
Om det hadde vore praktisk mogleg, kunne Gjerdsvika-bedrifta dobla produksjonen dei neste vekene – men han ser ikkje føre seg at etterspurnaden vil vare.
Treng fleire tilsette
Etter at fabrikken mista store leveransar i fjor, var dei nøydd til å seie opp store delar av arbeidsstokken på nær 40 tilsette. I fjor sommar var dei ni tilsette att.
No har talet auka til 13 tilsette i produksjonen og to funksjonærar – og Brevik meiner dei vil trenge fire-fem nye tilsette den komande tida.
– Oppe i alt det negative som skjedde, så meiner vi at dette har gått relativt bra likevel. No jobbar vi med å ta inn folk som passar inn i den nye produksjonen, fortel han.
Har fått nye produkt
Fabrikken lagar framleis hermetikk som fiskebollar, bacalao og makrell i tomat. I tillegg har dei fått nokre nye produkt frå fabrikken i Fredrikstad.
– Grunnpilaren er framleis hermetikken, men i tillegg har vi flytta produksjon av dressing og majones til Gjerdsvika, fortel han.
So langt i år har salet av desse produkta gått betydeleg opp – og Brevik er difor optimist for framtida.
– Vi held fram å jobbe for å få fleire produkt, seier han.
Drifta gjekk i pluss
Brevik fortel at drifta for 2019 gjekk i pluss – om ein ser vekk frå ekstraordinære kostnadar i samband produksjonen som måtte leggjast ned i fjor. Mellom anna er utstyret som blei nytta til å lage fiskekaker og burgarar, nedskriven i rekneskapen.
– Om ein justerer for dette, saman med bortfallet vi fekk som følgje av avtalane som blei oppsagde, så hadde vi faktisk hatt eit godt år økonomisk, fortel han.
Les også: Maritim Food-tilsette fekk gladmelding
Tilsette: – Vi er nøgde, glade og letta
Oppe i alt det negative som skjedde, så meiner vi at dette har gått relativt bra likevel
Publisert: 13.03.2020 05:55
Sist oppdatert: 26.12.2022 18:55