Hans oskar Molvaer El24 Ensikofoto EL24 Ensiko
UNDERSKOT I FJOR: Hans Oscar Molvær er dagleg leiar i El 24 Ensiko som i dag er eigd av det svenske konsernet Nimlas Group. Foto: El 24 Ensiko
Nytt

Elektroinstallasjon-selskap attende i pluss

Rekordinntekt for El 24 Ensiko i 2024.

24.06.2025

Etter at tapsprojekt og bytte av datasystem gjorde at El 24 Ensiko gjekk med underskot i 2023 fekk selskapet både kraftig vekst og positivt resultat i 2024 (sjå tabell under).


El 24 Ensiko har hovudkontor på Stranda, men har i tillegg kontor i Ålesund, Sykkylven, Valldal, Hellesylt, Sjøholt og Sula.

Selskapet driv med alt frå prosjektering og elektroinstallasjonar i komplekse bygg, til mindre serviceoppdrag og private installasjonar.

El 24 Ensiko blei starta i 2006 etter at Hans Oscar Molvær kjøpte ut Bravida si avdeling på Stranda. Ti år etterpå bikka dei 100 millionar i inntekt første gong. 

I 2022 vart selskapet kjøpt av elektorinnstallsjons-kjeda Konstel, med investeringsselskapet Credo i spissen. I desember 2022 vart Konstel i sin tur kjøpt av svenske Nimlas Group. 

El 24 Ensiko as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt268,9188,4
Driftsresultat4,6-5,8
Resultat før skatt5,3-6,2

Publisert: 24.06.2025 09:11

Sist oppdatert: 24.06.2025 09:51

Mer om