Elevar ser ikkje noko galt i sponsing
IKKJE SKEPTISKE: Liv Randi Rødal, Odin Furnes og Espen Nordal (t.h.) jobbar i MMC First Process i samband med utdanning. De meiner det er betre at næringslivet bidreg ved å sponse den vidaregåande skulen, enn at utdanningstilbod forsvinn.
Nytt

Elevar ser ikkje noko galt i sponsing

– Det er betre enn at vi mistar folk som kan kome ut til bedriftene våre, sier Liv Randi Rødal til utspelet om støtte frå næringslivet til vidaregåande opplæring. 

Marius Rosbach
15.11.2019

Sju bedrifter frå kuldebransjen samla seg fredag hos MMC First Process saman med fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik for å vise si støtte til yrkesutdanninga i dei vidaregåande skulene.

– Vi ønskjer å få ut bodskapen om at dette er kritisk, fortel administrerande direktør Petter Leon Fauske om kvifor dei har teke initiativet.

nettnohalf

Statsråden og bedriftsleiarane peika på at spesielt linja for kulde- og varmepumpeteknologi ved Haram vidaregåande skule, er avgjerande for rekrutteringa til bedrifta - og fleire av konkurrentane.

Nesvik: – Vi bør ta av oss hatten for slike initiativ

– Betre enn at vi mistar folk
Fleire av journalistane stilte spørsmål kring det prinsipielle ved at bedrifter går inn med ei slik støtte. Også fylkesordførar Tove-Lise Torve har uttalt at det er behov for avklare ein rekke spørsmål.

Mellom dei sju lærlingane og elevane frå bedrifta som deltok på fredagens seanse, var det ingen som er skeptiske til ei slik løysing.

– Eg synest det er eit bra tiltak for å bevare den kunnskapen hos folk som vi treng i åra framover, seier Odin Furnes frå Vigra.

– Det er betre enn at vi mistar folk som kan kome ut til bedriftene våre, legg Liv Randi Rødal frå Ålesund til.

Likar møte med arbeidslivet
Dei er lærlingar på andre året etter å ha gått ved Haram og Borgund vidaregåande. Begge er svært nøgd med utdaninga.

– Eg trivast veldig godt og det er sjeldan like dagar. Samtidig lærer vi mykje av det vi gjer. Det er også ein del reising som er kjekt, seier Furnes.

Taf-elev Espen Nordal frå Sjøholt kom til bedrifta for kring ein månad sidan, og har sett pris på møte med arbeidslivet.

– Eg synes det er veldig interessant og triveleg, samtidig som vi lærar mykje. Det er også kjekt å lære teori, og at vi ser att kunnskapen som vi jobbar med i bøkene på skulen.

Les meir om saka: Vil legge ned Taf-utdanninga

Vil bidra med støtte til yrkeslinje

Ber Sanner om hjelp

Fylkesordføraren: – Behov for ei prinsipiell drøfting

Vil skjerme yrkesfag – ungdomspanel foreslår skulenedlegging


 Eg synes det er veldig interessant og triveleg, samtidig som vi lærar mykje

Publisert: 15.11.2019 14:33

Sist oppdatert: 05.07.2022 16:25