4cdc3ad4f06a img 20220128 161352
MILJØ: Utsleppskuttet er på 1.000 tonn CO2 årleg når MF Sand no skal gå 75 prosent på batteri. Foto: Norled
Nytt

Endå ei ferje på batteri

Komande veke går MF «Sand» på batteri på ruta Årvika - Koparnes, og sparer 400.000 liter diesel årleg.

28.01.2022

Endå eit ferjesamband i Møre og Romsdal får miljøferje. Fredag kveld startar testing på Årvika-Koparnes for å klargjere for elektrisk drift, og allereie komande veke går MF «Sand» på batteri.

Det opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Ladeinfrastruktur og ladetårn er på plass i Årvika, og i helga blir det utført testing og tilpassing av løysninga. I samband med testinga blir siste rundtur fredag 28. januar og laurdag 29. januar innstilt. Eventuelle andre innstilte avgangar blir varsla på frammr.no.

Det er mogleg omkøyring via rute 01 Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya.

Sjette elsambandet
Fylkeskommunen viser til at elektrifisering av Årvika-Koparnes er eit viktig tiltak i det grøne skiftet. Av dei 21 ferjesambanda som FRAM har ansvaret for i Møre og Romsdal, er Årvika-Koparnes det sjette som får elektrisk drift.

- Ved overgang til ny teknologi må vi rekne med nokre innkøyringsproblem. Men vi ser at vi kjem i mål og at resultatet blir bra, seier Jesper Wiig, seksjonsleiar drift i FRAM. Dei har erfart at det i samband med installasjon og tilpassing av ladeinfrastruktur på fartøy og land, blir nokre innstilte avgangar.

- Men erfaringa er òg at så snart det er på plass, vil regulariteten bli like god med elektrisk- som med dieseldriven ferje, seier Wiig.

Store kutt
Ferjesambandet skal gå 75 prosent på elektrisk drift. Det gir ein årleg reduksjon i utslepp av CO2 på omtrent 1.000 tonn (400.000 liter diesel).

To av MF «Sand» sine fire dieselmotorar er erstatta med ein elektromotor, i tillegg til batteripakkar. Elektromotoren får straum frå batteria om bord, som blir lada kvar gong han ligg ved kai i Årvika.

Det er installert bufferbatteri på Årvika kai for å kompensera for manglande nettkapasitet. Batteriet blir lada opp når ferja seglar og blir tømt ved kailading.

Vi er utruleg glade for å vere i gang med den elektriske drifta av sambandet
Eva Fagernes

- Utruleg glade
Fylkeskommunen viser til at MF «Sand» er òg oppgradert i samsvar med krav for universell utforming. Breidde på gangsonar og storleik på handikaptoalett er utbetra, og det er installert teleslyngjer og visuell alarmvarsling for dei med høyrevanskar.

Det er reiarlaget Norled som har stått for utbygginga, som ein del av ferjedriftskontrakta på Ytre Sunnmøre.

- Vi er utruleg glade for å vere i gang med den elektriske drifta av sambandet. Dette er eit viktig steg for å gjere ferjeflåten utsleppfri. Norled er takknemleg for å kunne jobbe med ein framsynt fylkeskommune og håpar passasjerane òg blir nøgd med den oppgraderte ferja, seiar ferjesjef i Norled, Eva Fagernes.

Dei største klimagassutsleppa frå fylkeskommunen som verksemd, kjem frå kollektiv- og ferjetilbodet. For å nå målet om 55 prosent reduksjon i klimagassutslepp, har fylkeskommunen tatt i bruk miljøferjer på fem av sambanda. No står altså Årvika-Koparnes for tur.

Publisert: 28.01.2022 17:32

Sist oppdatert: 28.01.2022 17:41

Mer om