rettssal illustrasjon foto marius 11
MELDE OPPBOD: Entreprenørfirmaet CN Maskin har meldt oppbod med betydeleg gjeld, går det fram av rettspapira frå Møre og Romsdal tingrett. Arkivfoto: Marius Rosbach
Nytt

Entreprenørfirma møtte veggen etter tapsår

Sal av verdiar og redusert drift, berga ikkje Ulstein-firma frå konkurs.

Marius Rosbach
06.11.2024

Møre og Romsdal tingrett har onsdag opna konkurs i selskapet CN Maskin i Ulstein etter at leiinga melde oppbod. 

I rettspapira kjem det fram at firmaet har opparbeida seg ei gjeld på nær 6,8 millionar kroner. Verdiane blir anslått til kring 3,4 millionar. 

Opplyser at det har vore 14 tilsette
Verksemda i firmaet, er innstilt og det var ingen tilsette att på konkurstidspunktet, ifølgje rettspapira. 

Styreleiar Roy Victor Bikset opplyser likevel til lokalavisa Vikebladet at firmaet hadde 14 tilsette i arbeid. 

Det stadfestar bustyrar i saka, Linda Brevik, til Nett No. Første skiftesamling er planlagt 6. januar. 

Entreprenørverksemda blei starta tilbake i 2012 og har drive med graveoppdrag og har hatt ei omsetning på drygt 30 millionar dei siste åra. Firmaet hadde 23 årsverk i arbeid i 2023. 

Tapte millionar i fjor
I løpet av fjoråret gjekk selskapet på ein smell og tapte på fleire prosjekt, heiter det i årsmeldinga frå det året. 

Resultatet blei eit underskot på kring 4,9 millionar kroner. Det gjorde at  eigenkapitalen gjekk tapt, og enda 3,3 millionar på minussida. 

Selskapet reduserte talet på tilsette betydeleg, og jobba med å frigjere midlar ved sal av maskinar og varebilar.

Driftsresultatet per august 2024 viste eit overskot på ein halv million, og styret vurderte då at føresetnadene for vidare drift var til stades. 

Slik gjekk det altså ikkje. 

Eitt av tre dotterselskap
På heimesida skriv selskapet at det er med tungt hjarte at dei må opplyse at selskapet er konkurs. Dei takkar samtidig partnarar, kundar, leverandørar og tilsette for samarbeidet. 

«Selskapet har nådd mange milepæler og stått i flere utfordringer hvor vi har kommet oss gjennom. Denne gangen ble dessverre ikke slik», heter det i meldinga. 

Samtidig blir det opplyst at satsinga på sokalla microtrenching – ein måte å grave opp vegar for å legge røyr i smale grøfter – blir vidareført i selskapet Bimas As. 

Søsterselskapet er eitt av tre dotterselskap i Bikset Invest-konsernet, som er eigd av Roy Victor Bikset (80 prosent) og Vegard Bikseth (20 prosent). 

Publisert: 06.11.2024 13:00

Sist oppdatert: 06.11.2024 14:16

Mer om