Då byggemarknaden stramma seg til, snudde Christie & Opsahl seg mot nye marknadar. Det betalte seg for entreprenørselskapet med hovudkontor i Molde.
I år reknar Christie & Opsahl-sjef Andreas Andenæs med at selskapet passerer ein milliard kroner i inntekt. Av det vil inntekter frå oppdrag i Nord-Noreg utgjere omlag 25 prosent. Oppdrag med å rehabilitere gamle bygg vil utgjere omlag like stor andel av inntektene.
I 2020 hadde ikkje Christie & Opsahl oppdrag i Nord-Noreg, og rehabilitieringsmarknaden betydde mykje mindre enn i dag.
– Vi har differensiert oss inn i nye marknadar både forretningsmessig og geografisk, seier Andenæs.
Tilsette eig meir
Fleire nøkkeltilsette i selskapet er indirekte medeigarar i selskapet. Etter tilbod om å kjøpe seg opp, auka den eigarandelen frå omlag 15 til omlag 30 prosent, seier Andenæs. Han er sjølv ein av medeigarane.
Andenæs seier at det underbyggjer at selskapet har tru på vidare vekst, at dei tilsette aukar sitt eigarskap.
Resultatet før skatt blei 4,8 prosent av driftsinntektene, omlag som i 2023.
– Eg er ikkje heilt fornøgd med lønsemda. Den burde vere betre, men i dagens marknad er det heilt ok, seier Andenæs.
| Christie & Opsahl as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 857,1 | 771,7 |
| Driftsresultat | 35,7 | 32,1 |
| Resultat før skatt | 40,9 | 36,3 |
Tøff konkurranse
I dag har Christie & Opsahl om lag 200 tilsette. Andenæs har tilsett 10-15 personar så lang i år, og ventar å tilsette fleire.
Medan selskapet ventar vekst i år, er han spent på 2026.
– Vi merkar ein veldig stor konkurranse, seier han.
Det er både nye aktørar frå Trøndelag og Sogn og Fjordane som satsar i Møre og Romsdal, og konkurrentar som etter Andenæs si vurdering er viljug til å ta det han tykkjer er ein høg risiko.
Publisert: 02.05.2025 12:50
Sist oppdatert: 02.05.2025 13:01






