Eqva-oppkjøp i Kvinnherad
Eqva aukar driftsinntektene med 125-175 millionar kroner i året etter oppkjøp.
Kvinnherad Elektro blir slått saman med Eqva-selskapet BKS Holding. Det har selskapa inngått ein intensjonsavtale om, skriv Eqva i ei børsmelding og ei pressemelding.
Målet er å gjennomføre handelen i løpet av 4. kvartal i år.
Med Kvinnherad Elektro som ein del av konsernet vil Eqva auke driftsinntektene. Eqva har tidlegare anslått at konsernet vil få mellom 650 og 750 millionar kroner i driftsinntekter i år. Kvinnherad Elektro ventar mellom 125 og 175 millionar kroner i driftsinntekt i år. Eqva har ei ordrebok på 461 millionar kroner per 1. kvartal i år, Kvinnherad Elektro mellom 120 og 140 millionar kroner.
Etter ei samanslåing vil Eqva ha over 600 tilsette.
Børsnotering
Kvinnherad Elektro-eigarane får betalt med ein kombinasjon av aksjar i BKS Holding og kontantar. Kor mange aksjar og kontantbeløp er ikkje opplyst
Planen vidare er å skille ut og børsnotere BKS Holding innan 12-24 månadar.
Eqva heitte tidlegare Havyard Group. Selskapet er resultatet av at alle datterselskap i Havyard Group med unntak av skipsverftet Havyard Leirvik, vart skilt ut og lagt inn i Hav Group, som deretter vart børsnotert.
I mai 2022 kjøpte Havyard Group alle aksjane i HG Group og blei eigar av BKS Holding og Fossberg Kraft. Mykje av oppgjeret skjedde med aksjar i Havyard Group, slik at seljarane - Tore Thorkildsen, Gudmund Øvrehus, Even Matre Ellingsen og Skarvelandfamilien - blei dei nye storeigarane. Hovudkontoret er framleis i Fosnavåg, men verkesemdene er ved Sognefjorden og i Sunnhordland.
Med transaksjonen i mai 2022 vart skipsverftet i Leirvik på ny ein del av eit større selskap, samstundes som dei nye storaksjonærane fekk børsnotert si verksemd.
I tillegg til skipsverftet omfattar Eqva BKS Industri (Sunde i Kvinnherad), BKS VVS (Bergen), Zenit Engineering (Sunde), Marine Support (Storebø i Austevoll), BKS Power and Automation (Sunde) og Fossberg Kraft.
Konsernet er stort på levering av tekniske installasjonar, elektro og automasjonstenester og byggjer og driv småkraftverk gjennom Fossberg Kraft.
Publisert: 28.06.2023 09:00
Sist oppdatert: 28.06.2023 09:04