Erik Høyvik CEO Eqva foto Ogne
TYNGDEPUNKT PÅ SØRVESTLANDET: Eqva-sjef Erik Høyvik på hovudkontoret i Herøy har dei fleste tilsette i Sunnhordaland og ved Sognefjorden. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Berre hovudkontoret att på Nordvestlandet

Tidlegare Havyard Group - no Eqva - treng nye bedrifter inn i konsernet for å få eit tyngdepunkt på Nordvestlandet.

31.01.2023

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

På hovudkontoret i i Horisontbygget i Herøy har Eqva-sjef Erik Høyvik tre kollegaer. Resten av verksemda er ved Sognefjorden og i Sunnhordland. Bedriftene der har tilsaman over 400 tilsette. Der bur også majoritetseigarane.

Denne situasjonen gjer at mange lurer på om hovudkontoret blir verande i Herøy.

Kvar firmaadressa skal vere i framtida kunne han ikkje svare på, men samstundes er flytting av hovudkontoret ikkje eit tema hos majoritetseigarane, fortalde Høyvik då han presenterte Eqva på eit møte i Fosnavåg Shippingklubb mandag.

Eqva er eit resultat av fleire prosessar:

  • Refinansieringa og reorganiseringa av Havyard Group, der fire datterselskap blei skilt ut og børsnoterte som Hav Group.
  • Etter den operasjonen omfatta aktiviteten i Havyard Group berre skipsverftet i Leirvik i Sogn, der drifta vart langt om frå nybygg til reparasjon og vedlikehald og arbeidsstokken kutta frå omlag 170 til 70.
  • I mai 2022 kjøpte Havyard Group alle aksjane i HG Group og blei eigar av BKS Holding og Fossberg Kraft. Mykje av oppgjeret skjedde med aksjar i Havyard Group, slik at seljarane - Tore Thorkildsen, Gudmund Øvrehus, Even Matre Ellingsen og Skarvelandfamilien - blei dei nye storeigarane.
  • Tidlegare storaksjonær Havila Holding eig no 13,89 prosent. I tillegg eig søskena og Havila Holding-aksjonærane Njål, Hege og Vegard Sævik tilsaman 5,37 prosent i Eqva gjennom sine private selskap.
  • Havyard Group vedtok namneskifte til Eqva i fjor.

Med denne transaksjonen vart skipsverftet i Leirvik på ny ein del av eit større selskap, samstundes som dei nye storaksjonærane fekk børsnotert si verksemd.

I tillegg til skipsverftet omfattar Eqva BKS Industri (Sunde i Kvinnherad), BKS VVS (Bergen), Zenit Engineering (Sunde), Marine Support (Storebø i Austevoll), BKS Power and Automation (Sunde) og Fossberg Kraft.

Store på elektroinstallasjonar
Selskapet er store på levering av tekniske installasjonar, elektro og automasjonstenester og byggjer og driv småkraftverk gjennom Fossberg Kraft.

I år ventar Eqva å nå 600-700 millionar kroner i driftsinntekter og eit driftsresultat før av- og nedskrivingar (ebitda) på 4-6 prosent av driftsinntektene (24-42 millionar kroner).

Målet er å vekse
Planen og målet er å at Eqva skal vekse, både ved at dagens selskap i konsernet får fleire oppdrag, men og ved oppkjøp og transaksjonar som innlemmar nye selskap i konsernet, seier Høyvik.

Der ligg nøkkelen til at Eqva kan bli eit selskap med meir enn hovudkontoret på Nordvestlandet.

Nest lågaste kurs tysdag
Den dagen Havyard Group/HG Group-transaksjonen blei offentleggjort i mai i fjor var børskursen 3,24 kroner aksjen. 15. juni 2022 nådde aksjekursen 4,55 kroner.

Tysdag fall Eqva-aksjen fem prosent, til 2,85 kroner. Det er nest lågaste kurs sidan Havyard Group/HG Group-transaksjonen og verdset selskapet til 205 millionar kroner.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Nortel 22,40 14,29 %
Hav Group 9,65 7,46 %
Salmon Evolution 8,17 1,62 %
Havila Kystruten 10,65 1,43 %
Norva 24* 35,02 0,92 %
Sparebanken Møre 82,70 0,67 %
Golden Energy Offshore Services 1,55 0,65 %
Hofseth Biocare 3,03 0,33 %
Statt Torsk 1,64 -0,30 %
Arctic Bioscience 10,20 -0,97 %
Endúr 27,30 -1,03 %
Hexagon Composites 33,54 -1,35 %
Hexagon Purus 26,12 -1,58 %
Atlantic Sapphire 10,20 -3,68 %
Havila Shipping 20,60 -4,41 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 2,85 -5,00 %
*Svenske kroner

Publisert: 31.01.2023 16:59

Sist oppdatert: 31.01.2023 20:03

Mer om