Er ein av faa flyplassar i Norge utan busstilbod
TRAFIKKFARLEG: Krysset på E39 ved Hovde-flyplassen er rekna som trafikkfarleg slik det er utforma nå. Flyplass-sjef Svein-Arne Vik håpar å få ei ny løysing, som gjer det mogleg å få busstilbod på plass. 
Nytt

– Er ein av få flyplassar i Norge utan busstilbod

Det er ikkje bakgrunnen frå bussbransjen som gjer at den nye flyplass-sjefen på Hovden vil jobbe for å få buss for dei reisande.

Marius Rosbach
04.02.2020
I desember i fjor tok Svein-Arne Vik over jobben som øvste ansvarleg for Avinor ved Ørsta-Volda lufthamn Hovden. Han bur i Stryn, men kjem opphaveleg frå Stranda og har vore marknadssjef i bussbransjen i meir enn 20 år.
Sist i Vy Buss – som det tidlegare Nettbuss no heiter, der han hadde ansvaret for ekspressbuss-marknaden.

Har starta regulering av flyplasskryss

Sånn sett er det kanskje naturleg at noko av det høgste ønske hans er å få eit skikkeleg busstilbod til flyplassen – eller eit tilbod i det heile.
– Vi er ein av dei få flyplassane i Norge, som ikkje har busstilbod, fortel han.
Trafikksituasjonen i det sokalla flyplasskrysset på E39 er hovudårsaka til at det ikkje har vore mogleg. Men no er saker og ting på gang, og Ørsta kommune er i startfasen med ein planprosess.
I førre veke var det eit ope møte som blei omtala i lokalavisa Møre-Nytt. Der kom det fram at målet er ein godkjent reguleringsplan innan utgangen av året.

Trafikktala 2019:


Håpar på rundkøyring


Truleg blir sjølve flyplasskrysset forma som ei rundkøyring. Det er også løysinga Vik har mest tru på.
– Vi håpar på ei løysing med ei rundkøyring som gjer det lett å køyra av og på, også i ettermiddagstrafikken, seier han.
Vik har sjølv vore pendlar over flyplassen i sju år og kjenner godt til korleis situasjonen kan vere.
– Eg har sjølv stått der og stampa i opptil ti minutt. Nokre tider av døgnet må ein omtrent ha gassen i botn for å kom seg inn. Ein buss må ha enno meir tid, og er avhengig av meir flyt i trafikken, påpeiker han.

Treng ikkje koste mykje

Med dagens økonomiske situasjon i Møre og Romsdal fylkeskommune, er det ikkje mykje midlar å bruke til nye tilbod. Men Vik trur dei har ei løysing ved at FRAMekspress-bussen som går via Volda, Ørsta, Ålesund og nordover, kan stoppe på flyplassen.
– Om den kunne ta eit sveip innom flyplassen, er det mogleg at tilbodet ikkje treng koste noko særleg meir, seier Vik.
Trafikkavviklinga inne ved flyplassen er ikkje klarlagt. Eit alternativ er å la bussen køyre heilt inn og forbi terminalen, men i dag er det trongt å snu, for å kome seg ut til europavegen igjen. Eit anna alternativ er å ha ein stoppestad før terminalen.

Les også:




Publisert: 04.02.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51