barreras verft kystruten spania foto Faro de Vigo
VIGO: Seksjonane til Havila Polaris og Havila Pollux ved verftet Hijos de Barreras i Vigo. Her har det ikkje vore arbeid sidan august, 
Nytt

Er lei Spania-problem - har klar tyrkisk løysing

Utan ei snarleg spansk løysing er Havila Kystruten klar til å flytte bygginga av Havila Pollux og Havila Polaris til Tyrkia.

17.12.2019

- Tersan har sagt at dei er klare til å overta bygginga av desse to skipa, og vi er nær ein endeleg konklusjon.

Det seier styreleiar Per Sævik i Havila Kystruten.

Han held det likevel ope at det kan verte ei anna løysing.

- Vi forhandlar framleis med eit par andre verft, men dei må kome opp med eit godt tilbod om det skal verte aktuelt.

Metalships
Etter det NETT NO kjenner til er eitt av dei andre verfta spanske Metalships, som også ligg i Vigo, der Havila Kystruten har møtt på store problem med det konkursråka verftet Hijos de Barreras.

Arbeidet på Havila Kystruten sine skip Havila Polaris og Havila Pollux stoppa opp i august, og verftet har kansellert kontrakten med Havila Kystruten.

Havila Kystruten har på sin side slått fast at kanselleringa er urettmessig. Dei vil ha levert skipa, eller å få pengane dei har betalt inn tilbake.

Det vert arbeidd med å få til ny drift ved Barreras, der Oaktree/Ritz-Cartlton er sentrale for å få fullført luksusyachten/ekspedisjonscruiseskipet Evimra til Ritz Carlton.

Så langt har det ikkje vore interesse for også å gjere ferdig Havila Kystruten-skipa som ein del av redningsaksjonen, men ifølgje den spanske avisa Faro de Vigo er det også no problem med å få i hamn den føreslegne planen frå Oaktree/Ritz-Carlton, og der det vert sett på alternative løysingar.

- Tolmodet straks over
Per Sævik seier at Barreras-problema har tært på tolmodet.

- Vi har venta i snart eit halvt år på å få ei avklaring, og no er tolmodet straks over.

- Vi har også ein kontrakt å oppfylle overfor Samferdsledepartementet. Vi har løpande dialog, men det er klart at også embetsverket forventar at vi skal ha ei løysing snart.

I rute på Tersan
På beddingen på Barreras står seksjonane til dei to skipa til Havila Kystruten. Her har det ikkje vore arbeid på fem månader.

Ved ei flytting til tyrkiske Tersan er planen å starte bygginga frå ‘scratch’ av.

Det tyrkiske Tersan-verftet i Yalova utanfor Istanbul er godt i gang med bygginga av Havila Capella og Havila Castor, dei to andre av totalt fire Havila Kystruten-skip.

Skipa har hatt vekt- og djupgangproblem, men ved Tersan er dette løyst ved å flytte meir vekt nedover i skipa, samt å byggje dei to øverste etasjane i aluminium i staden for i stål.

Sævik seier at det er same løysinga ein vil ha for Havila Polaris og Havila Pollux.

Han er godt fornøgd med framdrifta på Tersan.

- Dei seier at dei er i rute, men det er klart eg er litt uroleg når ein veit at det skal om bord 11.000 kvadratmeter med innreiing på skipa.

Sjå video frå byggjearbeidet på Tersan her.

Forhandlar om reserveskip
Ettersom dei to Spania-skipa er forseinka, må Havila Kystruten setje inn to reserveskip på ruta Bergen – Kirkenes frå 1. januar 2021.

Dette kan føre til bøtlegging av selskapet, alt etter kva løysing som vert valt.

Per Sævik seier at ein ser på fleire mulege alternativ.

- Vi satsar også på å kome med ei avklaring rundt dette snart.

Kan verte London-rettssak
Etter at Sævik-familien kjøpte seg opp til 66,5 prosent eigarskap av Fjord1, og inngjekk partnerskap med det amerikanske fondet Vision Ridge Partners, er det planen at Vision Ridge også skal inn på eigarsida i Havila Kystruten.

Per Sævik seier at før dette eventuelt skjer, må Havila Kystruten ha fått ei avklaring på Barreras-problema.

Les her: - Vi skal verte ein ikkje ubetydeleg reiselivsaktør

Han ser ikkje vekk frå at det kan verte rettssak med Barreras, der Havila Kystruten blant anna krev å få tilbakeført eigenkapitalen på rundt 400 millionar kroner.

- Dette er prosessar som går sin gang. Vi kan ikkje vente på utfallet av desse tvistane før vi finn ei ny og god løysing for bygging av dei to siste skipa, seier Sævik.

Om partane ikkje vert samde, kan tvisten hamne i London Court ettersom kontraktane er inngått under britisk jurisdiksjon, og eventuelle tvistar skal handsamast i England.

Dei fire skipa til Havila Kystruten vert 122,7 meter lange og 22 meter breie. Dei får ein lugarkapaasitet på 640 og får om bord store batteripakkar.


Publisert: 17.12.2019 16:55

Sist oppdatert: 06.07.2022 13:18