Erna Solberg Lisa Leinebø Pinheiro Leinebris Eros statsministerbesøk juni 2021 foto Ogne 434fb818c78128e5eb05172d83d6a5f1
FISK: Statsminister Erna Solberg under besøk i Herøy søndag. Her filmar ho fish&chips servert av Lisa Leinebø Pinheiro frå linebåtreiarlaget Leinebris.. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Erna la fram nye distriktsstrategiar

Vil redusere ulempene ved å bu usentralt og å betre den digitale infrastrukturen i distrikta.

NPK
21.06.2021

– Vi må skape meir og inkludere fleire – i heile landet vårt. Dei tre strategiane vi legg fram i dag skal hjelpe oss å nå det målet, seier statsminister Erna Solberg (H).

Måndag var ho i Bø i Midt-Telemark der ho la fram tre distriktspolitiske strategiar saman med kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H).

Satsing på infrastruktur
Fjell og innland , småbyane og kysten og har fått kvar sin strategi der regjeringa ser på korleis distrikta kan vidareutviklast.

– Sentralt er satsing på infrastruktur for å redusere avstandsulemper, til dømes gode og trygge vegar, smarte transporttilbod og ein velfungerande digital infrastruktur, står det i ei pressemelding frå regjeringa.

Meir fjerundervisning
I strategiane går regjeringa mellom anna inn for at ein skal kunne auke bruken av fjernundervisning, og at bruken av lokale studiesenter skal vidareutviklast.

Førre veke vart det òg kjent at dei vil leggje til rette for at statlege tilsette kan arbeide frå «distrikts-hubar» over heile Noreg – ikkje berre frå hovudkontorbygg i større byar.

Publisert: 21.06.2021 16:42

Sist oppdatert: 21.06.2021 16:47

Mer om