Peggy hessen følsvik IKKE GJENBRUK foto ntb
LO-KONGRESSEN: LO-leiar Peggy Hessen Følsvik gjekk hardt ut mot Høgre og den førre regjeringa då ho heldt tale på LOs 35. ordinære kongress onsdag Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Nytt

– Erna Solberg skal ikkje tilbake

LO-leiaren langar ut mot Høgre

01.06.2022

(NPK-NTB-Johan Falnes): LO-leiar Peggy Hessen Følsvik beskriv samarbeidet med Erna Solbergs regjering som å «springe maraton i sirup».

– Folkens, dette er alvor, sa Følsvik i ein tale til LO-kongressen onsdag.

– Valkampen 2023 og 2025, han startar på denne kongressen.

Støre overaust med ros
I salen sat også statsminister Jonas Gahr Støre (Ap). Han vart overaust med ros.

– Når vi saman skal halde fram med å byggje landet, då treng vi ei solid Arbeidarparti-leidd regjering. Og då treng vi deg, Jonas. I byen vår er det du som er sheriffen, sa Følsvik.

– La meg seie det slik: Erna Solberg skal ikkje tilbake!

Maraton i sirup
Ifølgje LO-leiaren var det «frigjerande» å få ei ny regjering på plass i fjor.

– Vi har jobba oss gjennom åtte år med ein mørkeblå-blå-blå-gul-liberalistisk regjering. Ei regjering som var leidd av ein statsminister som erklærte eit av sine største politiske nederlag då LO gjennom Stortinget sikra fleire faste jobbar, sa Følsvik.

– Åtte år, de. Det var som å springe maraton i sirup.

Høgre slår tilbake
1. nestleiar i Høgre Henrik Asheim, som også er den arbeids- og sosialpolitiske talspersonen til partiet på Stortinget, avfeiar kritikken som «nødhjelp til ei regjering i fritt fall».

– Men dette angrepet treffer svært dårleg. Det er heilt rett at Høgre i regjering stilte krav til at også offentleg sektor måtte effektiviserast og finne smartare måtar å jobbe på, seier han.

Asheim ramsar opp ei rekkje døme på grep som den førre regjeringa fekk gjennomført, som utdanning av fleire lærarar, auka løyvingar til sjukehusa, satsing på psykiatri, satsing på rusomsorg, løyvingar til arbeidsmarknadstiltak og SFO, auka eingongsstøtte og skattelette.

– No har vi i staden ei regjering som aukar skattane og avgiftene folk skal betale, på toppen av rekordhøge prisar på straum, drivstoff og mat. Det må dei for å betale for mellom anna fleire fylkeskommunar og reversering av effektiviseringar i offentleg sektor. I tillegg bruker Ap og Sp så mykje oljepengar at det aukar risikoen for at renta vil auke meir og raskare enn nødvendig, åtvarar Asheim.

– Det er ikkje god politikk, verken for vanlege arbeidsfolk eller andre i Noreg.

Støre varslar reingjering
Då statsministeren fekk ordet på kongressen, beskreiv han innsatsen til regjeringa som ei «storreingjering» i arbeidslivet etter dei åtte åra med Solberg-regjeringa.

– Vi vaskar for harde livet, sa han.

Han skulda også Solberg-regjeringa for å smørje budsjetta med oljemilliardar for å behalde makta. Ap-Sp-regjeringa må endre kurs, åtvara han.

– Vi må sørgje for at skattepengane til folk blir brukte der dei skal: Ikkje på skattelette til dei rikaste og politikk som aukar forskjellane, men på fellesskapet og på industrien. Og vi må vinne tilbake kontrollen på økonomien, sa Støre.

– Vi må handle klokt, setje nokre prosjekt på vent, gå gjennom planane og sjå om noko kan gjerast rimelegare.

Vil presse Støre
Følsvik var for sin del tydeleg på at LO også kjem til å presse Støre-regjeringa.

– Du har nok vore ganske irritert på meg, og innimellom så er nok eg ganske irritert på deg òg, sa ho til Støre.

– Men om eg skal beskrive forholdet vårt på Facebook-måten, så har vi aldri vore i nærleiken av «it's complicated». Eg vil heller seie at vi er meir sånn i eit stødig «in a relationship».

Publisert: 01.06.2022 19:40

Sist oppdatert: 01.06.2022 20:00

Mer om