Ervik Saevik med store planar
HERØY: Slik er det tenkt at næringsparken vil sjå ut frå sjøen.
Nytt

Ervik & Sævik med store planar

Vil skape attraktiv møteplass på Mjølstaneset i Herøy, og vil ha flytta Hurtigruten og Havila Kystruten sine skip frå Torvik.

14.08.2020
På fiskeriselskapet Ervik & Sævik si fortel selskapet om sine omfattande planar på Mjølstaneset.
Her vil ein byggje eit anlegg som vil vere møtestad for lokalfolket, men også gi ein god velkomst for turistar som kjem med skipa til Havila Kystruten og Hurtitgruten.
Havila Kystruten held i dag til like ved der Ervik & Sævik skal setje opp sitt nybygg.
Ervik & Sævik har tidligare leigd kontorlokale på Mjølstaneset, men har no kjøpt tomt og vil byggje sjølv.

- Det er vårt miljø

Dagleg leiar Rita Sævik seier at selskapet ønsker å vere i det maritime miljøet som er på Mjølstaneset.
- Her er vi tett på annan næringsverksemd, og ikkje minst er vi heilt på kaikanten med nærkontakt med fiskebåtar og skipstrafikken.
- Det er vårt miljø, våre kollegaer og der vi ønsker å vere.

Kunst

Ho opplyser at i staden for berre å byggje kontor- og servicelokale til Ervik & Sævik, vil ein i staden byggje større og vere med på å vidarutvikle Mjølstaneset som eit attraktivt næringsområde.
I planane inngår kafé og kantine. I inngangspartiet blir det kombinert foajé og levande galleri, blant anna med utstilling av kunst av Magne Furuholmen og Nico Widerberg.

Ny terminal

I ein annan del av næringsbygget er det planlagt ny terminal for reisande til Hurtigruten og Havila Kystruten.
- Då kan vi ta imot dei reisande til Havlandet i eit nytt og fint bygg med tilrettelagt venterom med informasjon om Herøy og Sunnmøre der dei også har tilgang til kafé, skriv Sævik.
Ho opplyser at det også er planar om fleire bygg, blant anna for selskap som ønsker å etablere ser der, samt bygging av meir kai.

Støtte frå Sævik

Rådmannen har kome med negativ tilråding til kafé og galleriplanane, og meiner dette bør liggje i sentrum. Men i eit intervju i lokalavisa helsar Per Sævik i Havila Holding satsinga til Ervik & Sævik hjarteleg velkomen. Han støttar også planane om å flytte 'hurtigruteterminalen' frå Torvika til Mjølstaneset.
– Dette er jo i utgangspunktet ein politisk diskusjon, men skal ein ver­ke­leg sat­se på rei­se­liv og tu­ris­me, så må ein kan­skje ta kon­se­kven­sa­ne av det og sjå på kor­leis ein mø­ter des­se tu­ris­ta­ne når dei legg til kai i Her­øy, seier Sævik, som meiner at Eiksund fort kan verte stoppestad for Hurtigruten og Havila Kystruten når Stad skipstunnel vert bygt.
- Vert stop­pet der­imot lagt til Mjøl­sta­ne­set, og ein får bygt ut gode fa­si­li­te­tar rundt det­te, er det mykje stør­re sjan­se for at Her­øy blir pri­o­ri­tert, meiner Per Sævik.

Publisert: 14.08.2020 15:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01