Alexander Bjørnøy Jugendfest20120816 jugendfest day1 8952
JUGENDFEST: Når meteren er borte kan festival- og konsertarrangørane på ny samle publikum. Det betyr mellom anna av det blir Jugendfest i november. Arkivfoto: Alexander Bjørnøy
Nytt

Etterlengta gjenopning

Konsert- og festivalarrangøren Momentium satsa på at koronatiltaka skulle bli fjerna før Jugendfest-festivalen og Tiësto-konserten - og fekk rett.

24.09.2021

Frå og med i morgon, laurdag klokka 16:00, blir dei aller fleste smitteverntiltaka mot koronaviruset oppheva.

Mellom anna forsvinn regelen om at til at arrangørar og serveringsstadar må sikre at folk kan halde ein meters avstand til kvarandre.

- Det har utruleg mykje å seie. Då er det basically tilbake til normalen. Det har vi venta utruleg lenge på, seier Lars Berg Giskeødegård. Han eig og driv konsert- og festivalarrangøren Momentium saman med søskenbarnet Ante Giskeødergård, og har og bygd seg opp til å bli ein stor aktør i uteliv- og restaurantbransjen i Ålesund.

Artikkelen blir oppdatert

Frykta alt skulle gå overende
Då koronaepeidemien og smitteverntiltaka mot den kom i mars i fjor frykta Berg Giskeødegård at alt skulle gå overende.

- Det tok ein del tid før vi følte at vi fekk kontroll på situasjonen, seier Berg Giskeødegård.

Tre faktorar gjorde at Momentium kom seg gjennom epidemien, ifølgje Berg Giskeødergård:
Dei fleste sponsorane opprettheld støtta trass i utsette arrangement.
Mange av billettkjøparane valde å takke ja til å få bruke billetten når arrangementa kom i gang igjen, i staden for å få betalinga refundert.
Støtte frå styresmaktene for å dempe skadeverknadane av koronarestiksjonane.

Jugendfest
No blir det to dagar med Jugendfest-festival i slutten av november, eit arrangement der det blir lagt ut 8000 billettar kvar dag og der mesteparten er utseld. I desember er det konsert med artisten Tiëto.

Hadde kravet om ein meter avstand blitt ståande kunne ikkje desse arrangementa ikkje gjennomførast.

Halvert kapasitet
Hos restaurantane Bro og Bryt ved Brosundet i Ålesund har dagleg leiar Ann-Helen Svinø drive med 50-70 prosent av full kapasitet.

Einmetersregelen har gitt plass til færre bord og gjestar. Frå og med i morgon klokka 16 kan bord og stolar som har vore stua vekk settast på plass igjen.

- Det har vore ei veldig slitsam tid, det er nesten sånn at vi ikkje kan tru det, seier Svinø om gjenopninga.

I fjor haust låg restaurantane an til ein god julebordsesong, men nye innstrammingar gjorde den mager. Normalt står julebordsesongen for omlag ein tredjepart av inntektene i løpet av eit år. Berre sommarsesongen er viktigare.

- No kan endeleg bedriftene få lov å ta med seg folk ut igjen, seier Svinø.

Podium

E3/S1 Ante og Lars Giskeødegård - slik møtte Momentium pandemikrisa

Publisert: 24.09.2021 13:45

Sist oppdatert: 24.09.2021 14:08