Nytt
Etterlyser at kommunen tek meir badeansvar
Sunnmørsbadet i Fosnavåg taper kundar til Ulsteinbassenget, men dagleg leiar Karl Petter Sortehaug er mest uroleg for at Herøy kommune ikkje følgjer opp intensjonsavtalane.
05.07.2018
- Ifølgje finansieringsplanen for Sunnmørsbadet skulle kommunen betale 1,85 millionar årleg i skulebading.
- Men sidan bassenget i Stoksund framleis er i bruk, betalar kommunen berre 1,2 millionar. Det er skuffande, seier Sortehaug.
- Dette har ikkje vi, og det viser att på driftsresultatet.
Eigenkapitalen nærmar seg null, og Sortehaug minner om at kommunen er hovudaksjonær og står som garantist for inntil 70 millionar kroner av låna til anlegget.
- Kommunen må passe på slik at ikkje garantisummen til slutt kjem på ein faktura, seier Sortehaug.
- I Ulsteinvik skal dei trass alt ha 25.000 besøkande i året. Mange av desse ville ha nytta seg av Sunnmørsbadet.
Men Sortehaug vil ikkje kommentere konkurransen med Ulsteinvik.-
- Det tilbodet er kome for å vere, og vi må berre stå på vidare for å verte endå betre.
- Ja, spesielt i helgane har vi mange som har reist langt for å kome hit.
- Vi sel svært mange pakkar, der familiar kombinerer ein tur på Sunnmørsbadet med andre opplevingar i distriktet.
Sortehaug seier at Sunnmørsbadet er spesielt attraktivt for barnefamiliar.
- Men vi har ei lang rekkje nye tilbod for vaksne, som vassgymnastikk og aerobic.
Resultatet før skatt vart minus 0,5 millionar, ei forbetring på 0,4 millionar frå 2016.
Selskapet har redusert den langsiktige gjelda frå 49,1 til 41,4 millionar kroner. I tillegg har ein kortsiktig gjeld på 13,9 millionar, der 12 millionar er kommunen sitt forskot på tippemidlar.
Sunnmørsbadet Fosnavåg er eigd 54,4 prosent av Herøy kommune, medan Havila og Olympic Eiendom eig 15,6 prosent kvar.
I tillegg eig Herøy Sanitetsforening og Herøy Revmatikarforening 7,14 prosent kvar.
- Men sidan bassenget i Stoksund framleis er i bruk, betalar kommunen berre 1,2 millionar. Det er skuffande, seier Sortehaug.
Kan få alt på ein faktura
Han viser også til at ved dei fleste store badeland betalar kommunane årlege driftstilskot.- Dette har ikkje vi, og det viser att på driftsresultatet.
Eigenkapitalen nærmar seg null, og Sortehaug minner om at kommunen er hovudaksjonær og står som garantist for inntil 70 millionar kroner av låna til anlegget.
- Kommunen må passe på slik at ikkje garantisummen til slutt kjem på ein faktura, seier Sortehaug.
Merkar Ulsteinvik-konkurranse
Han seier at det kvardagar og om kveldane merkast det at Ulsteinvik også har fått eit større badeanlegg.- I Ulsteinvik skal dei trass alt ha 25.000 besøkande i året. Mange av desse ville ha nytta seg av Sunnmørsbadet.
Men Sortehaug vil ikkje kommentere konkurransen med Ulsteinvik.-
- Det tilbodet er kome for å vere, og vi må berre stå på vidare for å verte endå betre.
100.000 besøkande
Han kan glede seg over at Sunnmøsrbadet i fjor rundt 100.000 besøkande. Sortehaug seier at mange kjem langvegs frå.- Ja, spesielt i helgane har vi mange som har reist langt for å kome hit.
- Vi sel svært mange pakkar, der familiar kombinerer ein tur på Sunnmørsbadet med andre opplevingar i distriktet.
Sortehaug seier at Sunnmørsbadet er spesielt attraktivt for barnefamiliar.
- Men vi har ei lang rekkje nye tilbod for vaksne, som vassgymnastikk og aerobic.
Betre resultat
Selskapet hadde i 2017 ei omsetning på 12,1 millionar kroner, 0,2 millionar meir enn året før.Resultatet før skatt vart minus 0,5 millionar, ei forbetring på 0,4 millionar frå 2016.
Selskapet har redusert den langsiktige gjelda frå 49,1 til 41,4 millionar kroner. I tillegg har ein kortsiktig gjeld på 13,9 millionar, der 12 millionar er kommunen sitt forskot på tippemidlar.
Sunnmørsbadet Fosnavåg er eigd 54,4 prosent av Herøy kommune, medan Havila og Olympic Eiendom eig 15,6 prosent kvar.
I tillegg eig Herøy Sanitetsforening og Herøy Revmatikarforening 7,14 prosent kvar.
Vi sel svært mange pakkar, der familiar kombinerer ein tur på Sunnmørsbadet med andre opplevingar i distriktet
Publisert: 05.07.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23