Gjennom storsatsinga Grøn plattform blir det kvart år delt ut store summar til prosjekt som vil vere med å løyse nokre av dei største utfordringane i vår tid. I år skal det delast ut meir enn 800 millionar gjennom ordninga.
Deltakarane må ta sikte på å løyse sentrale utfordringar som vil auke tempoet i grøn omstilling i næringslivet. Samtidig bør det vere mogleg skalere opp.
– Det handlar i stor grad om å bygge konsortium som kan samarbeide om å løyse store utfordringar på relativt kort tid, fortel Arthur Almestad til Nett No.
Han er regionansvarleg i Norge forskningsråd for Møre og Romsdal. Saman med Innovasjon Norge og Siva står dei bak søkeordninga.

Pott på 823,5 millionar for 2025
No er det snart klart for ei ny utlysingsrunde og interesserte aktørar blir oppmoda om å førebu seg. I år skal det delast ut inntil 823,5 millionar kroner. 5. mars er fristen for å levere i skisse til prosjekta.
Almestad påpeiker at arbeida mellom anna må ha høg innovasjonsgrad, føre til nye produkt, produksjonsprosessar eller verdikjeder.
– Det held ikkje berre at det er noko ein kan tene pengar på det. Det må også ha positiv nytte for samfunnet. Det hastar med å gjennomføre måla i Paris-avtalen og arbeidet må bidra til at samfunnet når dei, legg Almestad til.
Meir om Grøn plattform
Grøn plattform er ei ordning som gir bedrifter og forskingsinstitutt midlar til grøn omstilling frå forsking og innovasjon. I denne ordninga jobbar næringsliv, ulike forskingsinstitusjonar, offentlege aktørar og katapultsentre saman for å realisera store grøne prosjekt.
Ordninga er finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet gjennom eit felles oppdrag til Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Siva. Verkemiddelaktørane samarbeider òg med Enova om ordninga.
Bakgrunnen er at regjeringa vil utløyse meir og raskare investeringar frå bedriftene i grøne, berekraftige løysingar og produkt.
Les meir (ekstern lenke)
Oppmodar aktørar i regionen til å søke
Tidlegare har ulike prosjekt fått fra 30 til meir enn 100 millionar kroner. Det er med andre ord snakk om betydelege summar.
– Det viktigaste no er at aktørane utviklar gode prosjekt, finner gode partnarar og formar idear kring utfordringar som kan vere aktuelle, fortel regiondirektør Helge Gjerde i Møre og Romsdal for Innovasjon Norge.
– Vi har mange bedrifter og forskingsmiljø i regionen som bør vere aktuelle søkarar til desse midla, seier Gjerde.

Vard- og Ava Ocean-prosjekt
For augneblinken er det to prosjekt som blir leia av bedrifter frå Møre og Romsdal.
Vard jobbar med å utvikle ei ladeløysing til havs gjennom prosjektet Ocean Charger, medan Ava Ocean står i spissen for eit arbeid med å utvikle eit berekraftig hausting av kråkebollar – og samtidig restaurerer tareskog.
Til saman er 18 bedrifter frå Møre og Romsdal no med på ni ulike prosjektarbeid.
Vil ha breidde av sektorar og bransjar
Det er eit breitt spekter ulike områder som er tildelt midlar i dei tidlegare rundane. Nokre har dreia seg om nye energiformer som havvind, eller solkraft, andre om bruk av hydrogen og ammoniakk som drivstoff.
Gjerde fortel at Grønn Plattform skal bidra til grøn omstilling av eksisterande næringsliv på tvers av bransjar, men også til fremvekst av nye bedrifter og grøne verdikjeder.
– Tanken er at breidda av sektorar og bransjar i vårt mangfaldige næringsliv skal vere representert, legg han til.
Publisert: 22.01.2025 05:00
Sist oppdatert: 21.01.2025 21:22