Startar testing av ladestasjon til havs
Vard håpar på ruskevêr neste veke.
I staden for å gå til land og lade batteria ved kai kan skip på service- og vedlikehaldsoppdrag heller få lade batteria sine ute på vindkraftfelta. Det vil gjere det meir lønsamt og praktisk mogleg å drive skipa på batteri i lengre periodar, og dermed redusere dieselbruken og tilhøyrande CO2-utslepp.
Det er ideen bak Vard si satsing på prosjektet «Ocean Charger», som i fjor vart kåra til «Vessel Charging Innovation of the year» på bransjearrangement Electric & Hybrid Marine Awards i Amsterdam.
Skal testast på sjøen
Det er snakk om betydeleg reduksjon i dieselbruken, ifølgje leiar for forsking og innovasjon i Vard, Håvard Vollset Lien.
Ein kritisk faktor er å kunne koble saman straumkabelen med skipet, også i bølgjer og ruskever. Metoden har vore testa ut i Offshore Simulator Centre i Ålesund.
Om alt går etter planen skal metoden testast på sjøen i neste veke.
Partnarskap
Testen skal foregå i samarbeid med katapultsenteret Sustainable Energy på Stord og gjerast utanfor Karmøy, der den flytande vindturbinen Zefyros ligg oppankra ved Marin Energi Testsenter.
Koblinga skal gjerast ved hjelp av ei kran ombord som kompenserer for rørslene til båten, og som gjer jobben lettare for kranføraren.
Vard er prosjekteigar og har ei rekkje samarbeidspartnarar. I tillegg til dei to datterselskapa Seaonics og Vard Electro, har Vard med seg Rem Offshore, Solstad Offshore, Sintef Energi, Sintef Ocean, DigiCat, Sustainable Energy, Equinor, Source Galileo Norway, Corvus Energy, Plug, Shoreline, Norwegian Offshore Wind Cluster, Universitetet i Bergen, Norce og Maritime CleanTech.
78 millionar kroner
Budsjettet for heile prosjektet er på 78 millionar kroner, seier leiar for forsking og innovasjon i Vard, Håvard Vollset Lien.
I desember 2022 fekk prosjektet 38 millionar kroner i støtte frå Forskningsrådet, medan Vard og partnarane deler på resten av finansieringa.
Publisert: 14.03.2024 13:27
Sist oppdatert: 14.03.2024 13:27