Etterlyser stoerre oppdrag
STOPP: I fjor auka Jon Grebstad i Volda Maskin arbeidsstokken med 10 årsverk. Hittil i år har den krympa. 
Nytt

Etterlyser større oppdrag

Oppsplittinga av Statens Vegvesen gir færre større oppdrag meiner Jon Grebstad i Volda Maskin.

15.06.2020
- Det er ei lita tragedie at Vegvesenet skal over på fylket, seier majoritetseigar og dagleg leiar Jon Grebstad i enterprenørselskapet Volda Maskin.
Offentlege veg- og andre samferdselsprosjekt er ein viktig marknad for selskapet, som med omlag 70 tilsette er eit mellomstort entrepernørselskap med ein organisasjon som er tilpassa større oppdrag. No er større oppdrag mangelvare.

I staden for gjere bygging og utbetring av vegar og tunnelar klare for anbod har omorganisering av Statens Vegvesen og overføring av tilsette og oppgåver til fylka gjort at Vegvesen-tilsette i staden har brukt tid på intern omorganisering. Slik Grebstad ser det har det sett prosjekt på vent - spesielt i Møre og Romsdal - og det lenger han først hadde rekna med.

Småjobbar

Med færre større oppdrag å konkurrere om må Grebstad og kollegaene satse meir på mindre oppdrag. Det betyr tøff konkurranse med mindre selskap, fordi krava til storleik og kunnskap i administrasjonen ikkje er like stor som for større oppdrag.
- Meir usikkert, seier Grebstad om korleis 2020 ser ut, der koronakrisa kom på toppen av følgjen av omorganiseringa i Vegvesenet.

Kutt i staben

Volda Maskin auka staben frå 57 til 67 årsverk frå 2018 til 2019.
I år har selskapet måtte redusere staben med eit par stillingar, i tillegg til at inntil 10 har vore permittert på det meste, i følgje Grebstad.

Publisert: 15.06.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58