Geir Håøy foto Ogne
BETRE LØNSEMD: Meir å gjere i ettermarknaden løftar lønsemda i Kongsberg Maritime, den største verksemda i Kongsberg Gruppen. Biletet viser Geir Håøy då han møtte dei tilsette i Brattvåg 2. april 2019, etter at Kongsberg Gruppen tok over marinedivisjonen til Rolls-Royce. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ettermarknaden på veg opp

Etterspørselen etter vedlikehald, utbetring og reparasjonar er på veg opp for Kongsberg Maritime.

14.07.2021

Ordreinngangen auke til Kongsberg Maritime auka frå 3,85 til 4,22 milliardar kroner frå andre kvartal 2020 til andre kvartal 2021, viser halvårsrapporten.

Kongsberg Maritime er det største datterselskapet i Kongsberg Gruppen - konsernet og omfattar mellom anna det som var Rolls-Royce Marine, med verksemd på Longva, i Brattvåg, Ålesund, Hjørungavåg og Ulstein.

Les børsmelding her

Klikk her og sjå presentasjonen av halvårsresultatet direkte frå 08:15 eller i opptak

Vedlikehald, utbetring og reparasjonar er arbeid som lett kan utsettast, og det var det som skjedde då den verdsomspennande koronaepidemien og tiltaka mot den kom i fjor. Dei siste kvartala har Kongsberg Maritime sett ein gradvis auke ut etterspørselen i ettermarknaden, ifølgje halvårsrapporten.

Samanslåingsgevinst
Eitt av poenga for Kongsberg Gruppen med å kjøpte marinedivisjonen til Rolls-Royce var å utvide tilbodet til kundane i den maritime marknaden med utstyr og teknologi frå marinedivisjonen til Rolls-Royce.

Den gevinsten har Kongsberg Gruppen fått, i form av auka sal skriv selsskapet i halvårsrapporten:

" I 1. halvår ble det realisert kryssalg for MNOK 750 hvorav MNOK 550 kom i 2. kvartal. Totalt i 2020 ble det realisert kryssalg for om lag MNOK 700. I dette inngår kun mersalget som har kommet som følge av kombinasjonen av CM og KM. Om lag halvparten av mersalget er knyttet til offshore vind-prosjekter. Det resterende er fordelt mellom offshore, tradisjonell handelsflåte, LNG og fiskeri."

Flytting
Ordrereserven til Kongsberg Maritime er på 11,7 milliardar kroner. Ved årsskiftet var den 11,4 milliardar kroner.

Det er god forbetring i lønsemda, spesielt i divisjonane som i hovudsak sel til fartøysmarknaden, ifølgje halvårsrapporten.

Gevinst ved samordning mellom det som den tidlegare Rolls-Royce-verksemda og resten av Kongsberg Maritime er ein del av forklaringa på betra lønsemd, effektiviseringstiltak eitt anna. Det siste handlar mellom anna om tiltak som blei varsla tidlegare i sommar, der produksjonen av tradisjonelle thurstarar i Ulsteinvik blei vedtatt flytta til Rauma i Finland.

Kongsberg Maritime as

2. kvartal. I mill. kroner

20212019
Driftsinntekter40923762
Driftsresultat29586

Publisert: 14.07.2021 07:21

Sist oppdatert: 14.07.2021 09:35

Mer om