Melkøya 2006
MELKØYA: EU-kommisjonen set foten ned for olje og gass frå Arktis. Her Melkøya utanfor Hammerfest. Foto: Wikimedia Commons
Nytt

EU-kommisjonen går inn for oljestans i Arktis

Går inn for stans i oljeaktiviteten i Arktis og truar òg med å setje ein stoppar for import av olje og gass som stammar derfrå.

13.10.2021

I den nye politikken sin for berekraftig utvikling i dei arktiske områda går EU inn for at olje, gass og kol bli liggjande under jorda.

– For å oppnå dette skal kommisjonen samarbeide med partnarane sine for ei multilateral forplikting til ikkje å tillate vidare utvinning av hydrokarbon-reservane i Arktis eller nærliggjande regionar, og til ikkje å kjøpe slike produkt om dei likevel blir produserte, seier EU-kommisjonen.

Grønland-kontor
EU-kommisjonen skal opne eit nytt kontor på Grønland og setje inn EU-midlar for å fremje berekraftig utvikling i eit område der klimaendringane blir merka meir enn andre stader.

– Arktis blir varma opp tre gonger så raskt som resten av planeten. Smelting av is og tining av permafrosten i Arktis bidreg til å setje fart i klimaendringane og har enorme konsekvensar, seier EU-kommissær for miljø, hav og fiskeri, Virginijus Sinkevicius.

Hovudmåla for EUs Arktis-politikk blir å bidra til dialog og internasjonalt samarbeid, gå aktivt inn for å takle følgjene av klimaendringar og støtte berekraftig utvikling i regionen.

Publisert: 13.10.2021 16:54

Sist oppdatert: 13.10.2021 16:58

Mer om