NETT NO/NPK-NTB: EU vil ha ein meir effektiv karbontoll og skjerpar lovverket for å tette igjen smotthol.
Karbontollen, eller meir presist karbongrensejusteringsmekanismen (CBAM), trer i kraft 1. januar neste år.
Formålet med tollen er at varer som stål, aluminium og sement som er produsert i land der industrien betaler lågare klimaavgifter enn EU, skal ha same pris som europeiskproduserte varer. Det skal forhindre at varer frå billegland som til dømes Kina blir dumpa på den europeiske marknaden og utkonkurrerer EU-landa sine eigne bedrifter.
Klimaavgifter er avgifter som skal stimulere til bruk av energikjelder med ingen eller reduserte CO2-utslepp, mellom anna i stålåproduksjon.
Ser fram til tollen
Noreg har frivillig sagt ja til karbontollen, og prosessen for å innlemme han i EØS-avtalen er i gang. Målet er at regelverket skal vere innført i 2027.
Utanlandsk konkurranse medverka til at Vik Ørsta permitterte tilsette sist vinter.
Ein toll som jamnar ut effekten av europeiske klimaavgifter er velkomen, etter Nesset si vurdering.
– Det vil påvirke positivt for oss seier han.
Tettar smotthol
Fleire har påpeika at regelverket er fullt av smotthol, til dømes at skrapmetall ikkje er omfatta av tollen.
Desse blir no tetta, varslar EU-kommisjonen. CBAM-ordninga blir no utvida med 180 vareslag med mykje stål og aluminium, som vaskemaskiner. I tillegg blir skrapmetall inkludert.
Publisert: 17.12.2025 11:07
Sist oppdatert: 17.12.2025 11:07






