Alfred bjorlo venstre foto Celina Christoffersen
- Det er uakseptabelt at den norske staten spring Putin sitt ærend ved å handle inn billige stålrekkverk til norske vegar frå land som ikkje sanksjonerer mot Russland, og gjennom det også straffar bedrifter som VikØrsta som stiller opp i vår felles dugnad for å støtte Ukraina, seier stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V). Foto: Celina Christoffersen
Nytt

Bjørlo vil stoppe russisk stål

Krev svar frå statsministeren etter Vik Ørsta-permitteringar.

07.01.2025

Medan offentlege aktørar i EU ikkje kjøper stål som opphavleg kjem frå Russland, følgjer ikkje Statens Vegvesen og statseigde Nye Vegar den same strategien.

Det går mellom anna ut over Vik Ørsta, som har permittert tilsette i avdelinga i Vik på grunn av konkurransen frå aktørar som levere produkt bygd av russisk stål.

– Vi krev rettferdige konkurransevilkår for norsk industri. Det er uakseptabelt at norske styresmakter indirekte støttar regime som ikkje følgjer sanksjonane, ved å godta stålprodukt frå slike aktørar, seier administrerande direktør Kjetil Nesset i Vik Ørsta til Møre-Nytt.

Skriftleg spørsmål
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) vart orientert om problemstillinga på eit besøk hos Vik Ørsta i fjor. 

No krev stortingrepresentant Alfred Bjørlo svar på kva Støre og regjeringa vil gjere. 

Det skjer i eit skriftleg spørsmål på Stortinget:

«Meiner statsministeren det er ein akseptabel praksis at offentlege innkjøparar i Noreg i motsetnad til offentlege innkjøparar i EU-landa kjøper inn stålprodukt frå land som ikkje sanksjonerer frå Russland, eller er statsministeren enig med professoren i europeisk sikkerheitspolitikk ved Forsvarets Høgskule som meiner at denne praksisen er med å smøre den russiske krigsmaskina, og vil statsministeren i så tilfelle sørge for at Noreg følgjer EU og sluttar med dette?», skriv Bjørlo.

Ulike praksis
Bjørlo grunngjev spørsmålet sitt med at Noreg og EU praktiserer sanksjonane mot Russland ulikt:

«Som statsministeren er kjend med etter sitt besøk på Vik Ørsta sitt produksjonsanlegg av stålrekkverk i Vik i Sogn i oktober 2024, har bedrifta etter krigsutbrotet i Ukraina vald å vere konsekvent i å unngå russisk stål i sine produkt, i likskap med sine konkurrentar i dei aller fleste EU-land.

Det som derimot skil Noreg frå EU, er at offentlege kundar i EU-landa som del av sanksjoneringa av Russland ikkje handlar inn stålprodukt der stålet opprinneleg kjem frå russiske produsentar.

Norske offentlege kundar av stålrekkverk som Statens Vegvesen, Nye Vegar m fl har ikkje innført ein slik praksis, men kjøper framleis inn stålprodukt frå selskap i land som Tyrkia og Kina, som ikkje har sanksjonar mot russisk stål. Desse selskapa kan dermed tilby prisar på stålprodukt som Vik Ørsta og andre produsentar i EU/EØS-området ikkje kan konkurrere mot», skriv han.

Publisert: 07.01.2025 11:24

Sist oppdatert: 07.01.2025 12:44

Mer om