Exotek foto Exotek
KOM MED IDEEN: Sigurd Groven fekk ideen til eit terrenggåande køyretøy etter at han blei lam i ei sykkelulykke i 2015. Han ville halde fram med friluftslivet og det blei starten på det som i dag er Exotec. Foto: Exotec
Nytt

Exotek skal fylle på kassa

Planlegg stor kapitalutviding etter minusår. Vil meir enn doble salet neste år.

28.07.2025

Næringsteftvinnaren frå 2021 auka inntektene med 40 prosent i fjor, men underskotet auka også, i takt med innteksveksten (sjå tabell)

Selskapet lagar terrenggåande elektriske køyretøy for funksjonhemma, ein ide som grunnleggar Sigurd Groven fekk etter at han blei lam i en sykkelulykke i 2015. Han ville halde fram med friluftslivet og det blei starten på det som i dag er Exotec.

Auka inntekter, kutta kostnadar
I år er målet å selge 200 køyretøy, neste år er målet 500, skriv selskapet i årsmeldinga for 2024.

I tillegg til venta salsauke har selskapet også auke prisen med cirka 10 prosent og fått kutta kostnadane gjennom betre avtalar med leverandørar av delar og komponentar.

Gjeldskonvertering og emisjon
Exotek har eit konvertibelt lån på 2,4 millionar kroner.

Det skal gjerast om til eigenkapital samstundes som selskap skal gjennomføre ei stor kapitalutviding i rundt komande årsskifte, går det fram av årsmeldinga for 2024.

Kor stor kapitalutvidinga skal vere er ikkje opplyst. Nett No har ikke lukkast å få ein kommentar frå dagleg leiar Eelco Willem Van Weerdhuizen.

 Van Weerdhuizen eig 8,6 prosent av selskapet og er femte største aksjonær etter Mattias Storvestre og Sigrud Groven (22,2 prosent kvar), Stette Invest (15,3 prosent) og Cofounder III (13,6 prosent).

I fjor sysselsette selskapet ni årsverk. 

Exotek as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt14,110,2
Driftsresultat-6,5-4,5
Resultat før skatt-7,1-4,9

Publisert: 28.07.2025 05:00

Sist oppdatert: 27.07.2025 21:31

Mer om