Det opplyser Hasund i ei pressemelding onsdag.
– Dette er veldig bra for oss, og vi er glade for å no kunne tilby våre tenester både i Ulsteinvik og Ålesund.
- Med desse to avdelingane tel vi i dag heile 21 tilsette, og er stolte over å kunne vere eit av dei største økonomikontora på Sunnmøre.
Oppkjøpet skjer gjennom ei verksemdsoverdraging, der fire tilsette, samt kundane følgjer med.
- Helge Rogne har utvikla Bedriftsrådgiveren i over 30 år, og etablert ein solid profil med ei kundemasse som passer godt vår utviklingsplan, seier Asbjørn Hasund, i pressemeldinga.
– I overtakinga har det samtidig vore ein styrke å få med seg dei dyktige og lojale tilsette. Desse kjenner marknaden i og rundt Ålesund godt, og har brei erfaring og kunnskap til å kunne betjene solide og krevjande kundar, seier han.
– Ja, vi er heldige som får hjelpe store og små kundar i denne marknaden. Vi har stadig tilsig av nye kundar, med lite forfall, seier Asbjørn Hasund.
Han opplyser at dei siste par åra har vore krevjande.
- Det er godt å sjå at 2018 ser lysare ut både for oss og kundane våra.
Hasund hadde ei omsetning i 2017 på 15,8 millionar kroner, og eit resultat før skatt på 1,3 millionar.
Omsetninga til Bedriftsrådgiveren var på 5,3 millionar, og resultatet før skatt 1,4 millionar.
– Dette er veldig bra for oss, og vi er glade for å no kunne tilby våre tenester både i Ulsteinvik og Ålesund.
- Med desse to avdelingane tel vi i dag heile 21 tilsette, og er stolte over å kunne vere eit av dei største økonomikontora på Sunnmøre.
Overtek tilsette og kundar
Det seier dagleg leiar Asbjørn Hasund, som starta reknskapskontoret og har drive det i 20 år.Oppkjøpet skjer gjennom ei verksemdsoverdraging, der fire tilsette, samt kundane følgjer med.
- Helge Rogne har utvikla Bedriftsrådgiveren i over 30 år, og etablert ein solid profil med ei kundemasse som passer godt vår utviklingsplan, seier Asbjørn Hasund, i pressemeldinga.
– I overtakinga har det samtidig vore ein styrke å få med seg dei dyktige og lojale tilsette. Desse kjenner marknaden i og rundt Ålesund godt, og har brei erfaring og kunnskap til å kunne betjene solide og krevjande kundar, seier han.
Maritim overvekt
Rekneskapskontoret Hasund held til på Stålhaugen i Ulsteinvik og har ei overvekt av maritime kundar i si portefølje.– Ja, vi er heldige som får hjelpe store og små kundar i denne marknaden. Vi har stadig tilsig av nye kundar, med lite forfall, seier Asbjørn Hasund.
Han opplyser at dei siste par åra har vore krevjande.
- Det er godt å sjå at 2018 ser lysare ut både for oss og kundane våra.
Hasund hadde ei omsetning i 2017 på 15,8 millionar kroner, og eit resultat før skatt på 1,3 millionar.
Omsetninga til Bedriftsrådgiveren var på 5,3 millionar, og resultatet før skatt 1,4 millionar.
Publisert: 29.08.2018 16:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25