I tillegg til å vere årets fyrste sunnmørsbåt med kolmule i 2016, er denne fangsten truleg også historisk med tanke på pris. 2,76 kroner kiloen er ein pris som gir god gjenklang i kolmulemiljøet.
- Dette er i alle fall den best betalte fangsten vi nokon gong har hatt, og eg veit heller ikkje om nokon andre som har sett ein slik kolmulepris tidlegare.
Det sa skipper Kjetil Remøy før han måtte legge på for å få båten til kai i 12-tida i dag.
Fiskeriminister Per Sandberg kjem til Vågsøy for å opne anlegget.
Konkurrenten Pelagia, som har anlegg rett ved sidan av det nye Nergård-anlegget, meiner Nergård-konsernet har bygd sitt anlegg i strid med ein klausul som forbyr eit konkurrerande anlegg på Nergårdtomta.
Pelagia tapte første runde i retten, men striden er anka til lagmannsretten og kjem opp til ny behandling i mai.
- Det blei ein godt brukbar tur, sa Remøy då han tok land i Måløy halvanna veke etter at dei løyste tampane og sette kursen sørvestover mot Irland.
- Då var det slutt på godvêret, og på heimturen brukte vi nesten fire døgn, fortel Remøy.
Dei fire første båtane hadde allereie lasta opp då Eros kom på feltet.
- Då var vi berre to norske båtar i fiskeri saman med to russerar, fortel Remøy.
Etter det har fleire båtar kome sigande til, og i dag kunne også Rogne melde inn fangst som den andre båten frå Sunnmøre. Framover vil talet på båtar auke på når loddefisket ved Island no er avslutta.
Ifylgje Norges sildesalslag sette den islandske kystvakta stoppar for loddefisket etter at Gerda Marie hadde teke tilleggskvantumet som første båt i natt.
Fram til i føremiddag hadde ti båtar teke kolmule etter at den fyrste innmeldinga kom førre helg. Dei fleste fangstane har gått til norske kjøparar.
- Vi for vår del har litt igjen av kvota frå i fjor og kan fiske til saman 5600 tonn. Det skal vi greie godt på tre svingar, avsluttar ein godt fornøgd skipper Kjetil Remøy på Eros.
- Dette er i alle fall den best betalte fangsten vi nokon gong har hatt, og eg veit heller ikkje om nokon andre som har sett ein slik kolmulepris tidlegare.
Det sa skipper Kjetil Remøy før han måtte legge på for å få båten til kai i 12-tida i dag.
Fiskeriministeren kjem
Leveringa i dag er ein tjuvstart før den offisielle opninga av Nergård-anlegget i morgon.Fiskeriminister Per Sandberg kjem til Vågsøy for å opne anlegget.
Konkurrenten Pelagia, som har anlegg rett ved sidan av det nye Nergård-anlegget, meiner Nergård-konsernet har bygd sitt anlegg i strid med ein klausul som forbyr eit konkurrerande anlegg på Nergårdtomta.
Pelagia tapte første runde i retten, men striden er anka til lagmannsretten og kjem opp til ny behandling i mai.
Fisk for seks millionar
Vel seks millionar kroner kunne Eros-reisrlaget innkassere på årets fyrste kolmulefangst (2200 tonn).- Det blei ein godt brukbar tur, sa Remøy då han tok land i Måløy halvanna veke etter at dei løyste tampane og sette kursen sørvestover mot Irland.
Lange vegar
Det var natt til førre fredag Eros gjekk på kolmula som fyrste båt frå Sunnmøre denne sesongen. Remøy fortel at turen bortover gjekk bra, og etter eitt døgn og åtte timar i fiskeri under gode vêrforhold, kunne dei vende nasen heimover igjen.- Då var det slutt på godvêret, og på heimturen brukte vi nesten fire døgn, fortel Remøy.
Dei fire første båtane hadde allereie lasta opp då Eros kom på feltet.
- Då var vi berre to norske båtar i fiskeri saman med to russerar, fortel Remøy.
Etter det har fleire båtar kome sigande til, og i dag kunne også Rogne melde inn fangst som den andre båten frå Sunnmøre. Framover vil talet på båtar auke på når loddefisket ved Island no er avslutta.
Ifylgje Norges sildesalslag sette den islandske kystvakta stoppar for loddefisket etter at Gerda Marie hadde teke tilleggskvantumet som første båt i natt.
Fram til i føremiddag hadde ti båtar teke kolmule etter at den fyrste innmeldinga kom førre helg. Dei fleste fangstane har gått til norske kjøparar.
Berre tre turar
Årets kolmulekvote er ikkje større enn at dei med størst lastekapasitet vil gjere seg ferdig på tre turar.- Vi for vår del har litt igjen av kvota frå i fjor og kan fiske til saman 5600 tonn. Det skal vi greie godt på tre svingar, avsluttar ein godt fornøgd skipper Kjetil Remøy på Eros.
- Dette er i alle fall den best betalte fangsten vi nokon gong har hatt
Publisert: 22.02.2016 16:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53