Skjermdump politiet mr twitter svindelfaktura 1
ÅTVARA MOT EKTE FAKTURA: Politiet gjekk raskt ut torsdag og åtvara mot fakturaen der Ålesund, var skreve «Ålesnud». Fredag viser det seg at rekninga er ekte. Skjermdump: Politiet i Møre og Romsdal på Twitter
Nytt

Faktura med skrivefeil er ekte

Politiet åtvara mot svindel etter at Ålesund kommune sende ut rekning.

Marius Rosbach
12.11.2021

Ålesund kommune melder fredag at ein faktura som har fått mykje merksemd det siste døgnet, er ekte og skal betalast.

Politiet i Møre og Romsdal gjekk torsdag ut på Twitter med ei melding om at dei såg på fakturaen som svindel.

Seint torsdag kveld gjekk det ut ei ny melding om at politiet hadde vore i kontakt med kommunen, og ikkje fått stadfesta om rekninga var ekte eller ikkje – og fredag kom avklaringa.

– Kommunen har fredag 12. november kontrollert at fakturaen er sendt ut frå kommunen og bekreftar at fakturaen er ekte. Vi ber innbyggarane som har motteke den om å betale den, heiter det i ei melding frå Ålesund kommune.

Det var etter at bekymra innbyggjarar tok kontakt med politiet om fakturaen, at saka begynte å utvikle seg. Bakgrunnen var ein skrivefeil på fakturaen som gjeld tilsyn på private avløpsanlegg, for eksempel slamavskiljarar, minireinseanlegg og liknande, som ikkje er knytt på det kommunale avløpsnettet.

– Det er flott at ein tek førehandsreglar når noko inneheld ein skrivefeil, det er slik ein kan unngå svindel. I dette tilfellet var skrivefeilen ein uheldig feil – og fakturaen er ekte og skal betalast, uttalar rekneskapssjef Ole Kristian Arntsen i Ålesund i meldinga.

Alle innbyggarar kan sjekke kommunale fakturaer på Mi side via kommunen si heimeside.

Publisert: 12.11.2021 09:49

Sist oppdatert: 12.11.2021 09:54

Mer om