Møre og Romsdal best i landet
Gode resultat for vidaregåande opplæring og nok ein gong einaste fylke i landet med auke i lærlingar.
Kvalitetsmeldinga for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, viser at skulane i fylket plasserer seg heilt i landstoppen på fleire vis.
Ingen andre fylker har fleire elevar som gjennomførte og bestod skuleåret 2020-21 – 91,3 prosent.
Også fråværet var lågast i landet, på berre 2,5 prosent. Karaktersnittet ligg stabilt, med ein svak auke frå førre skoleår.
Møre og Romsdal var vidare det einaste fylket i landet som igjen aukar talet på lærlingplassar i det krevjande koronaåret, samanlikna med tidlegare år.
Heile 2.434 lærlingar hadde fylkeskommunen ansvaret for, og det blei inngått 69 fleire nye lærekontraktar. Til saman var 9.332 elevar i vidaregåande opplæring i fylket.
Rapporten viser læringsresultat, fråfall og læringsmiljø og er basert på statistikk og brukarundersøkingar.
Det er ei jamn positiv utvikling for elevane, og ekstra positiv er utviklinga for dei med opplæring i bedrifter.
– Ein større del av elevane vel yrkesfagleg retning og fleire søkar seg ut i lære. Dette er ei positiv utvikling, fordi vi veit at næringslivet er heilt avhengig av ny, ung og lokal kompetanse i åra som kjem, heiter det i rapporten (ekstern lenke).
Blant elevane og lærlingane høyrer no 54,2 prosent av dei til yrkesfaga.
– Mange positive endringar
Kompetansesjef Kariann Dimmen Flovikholm i Møre og Romsdal fylkeskommune seier seg særs nøgd med resultata.
– Vi ser mange positive endringar, pandemi til trass. No er vi tilbake til ein meir normal kvardag, og både skoletilsette, elevar og lærlingar fortener ein stor takk. Vi må halde fram det gode arbeidet, jobbe for fleire læreplassar og null mobbing, uttalar ho i ei pressemelding.
Undersøkinga vart denne veka behandla i utdannings- og kompetanseutvalet, og skal til endeleg politisk behandling i fylkestinget i desember.
Publisert: 10.11.2021 15:22
Sist oppdatert: 10.11.2021 15:28