Målt etter lønsemd prellar stor nedgang i fangsten på grunn av reduserte fiskekvoter av Lerøy Havfisk. Fangsten av sei vart redusert med 51 prosent i første kvartal, samanlikna med første kvartal i 2025. For torsk er nedgangen 24 prosent, og for hyse 16 prosent.
Dette er tradisjonelt dei tre viktigaste fiskeslaga for reiarlaget, som driv ti trålarar frå hovudkontoret i Ålesund, og er eit datterselskap av oppdrett- og fiskerikonsernet Lerøy Seafood Group.
Samla fiska Lerøy Havfisk 25 prosent mindre målt i tonn i første kvartal i år samanlikna med første kvartal i fjor fortel selskapet i kvartalsrapporten for første kvartal.
Forklaringa på at lønsemda likevel aukar er prisauke, opp 24 prosent for torsk, 54 prosent for sei og 32 prosent for hyse. Selskapet fekk 94,7 kiloen for torsk i første kvartal. Til samanlikning var prisen 44,3 kroner kiloen i 2022.
Oppjusterer forventingane
Sjølv om auke i drivstoffprisane som kom i slutten av første kvartal har utviklinga vore så positiv at Lerøy Seafood Group oppjusterer forventingane til 2026-resultatet for villfisksegmentet, som Lerøy Havfisk er ein del av.
På kapitalmarknadsdagen til konsernet 2. mars var meldinga av driftsresultatet frå villfisksegmentet ville bli 250-300 millionar kroner.
I kvartalrapporten som er lagt fram i dag er forventingane auka til eit driftsresultat på 350-400 millionar kroner.
Betre på land
Villfiskesegmenet i Lerøy Seafood Group omfattar også fiskeindustriselskapet Lerøy Norway Seafoods. Lerøy Norway Seafoods driv 10 fiskemottak og industrianlegg i Nord-Noreg og betre resultat også der medverka til at forventingane er auka.
Høge prisar og reduserte fangstar er utfordrande for fiskeindustrien skriv Lerøy Seafood Group i kvartalsrapporten. Takka vere effektiviseringar greidde Lerøy Norway Seafoods likevel å auke driftsresultatet med 25 millionar kroner i første kvartal samanlikna med same periode i fjor fortel Lerøy Seafood Group i kvartalsrapporten.
| Lerøy Seafood Group ASA | ||
| 1. kvartal. I mill. kroner | 2026 | 2025 |
| Driftsinntekt | 8083,4 | 7951,4 |
| Driftsresultat | 501,1 | -770,7 |
| Resultat før skatt | 311,0 | -926,0 |
| Lerøy Seafood Group ASA | ||
| Villfisksegmentet | ||
| 1. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 948 | 936 |
| Driftsresultat | 228 | 148 |
| Fangst i tonn | 14267 | 18957 |
Publisert: 12.05.2026 07:26
Sist oppdatert: 12.05.2026 08:40






