Nytt
Fann suksessoppskrift med kolonial og restaurant
I ærverdige Kraftstasjonen i Måløy sentrum er det ikkje berre restaurant. Det vert også satsa på sal av eigenproduserte og lokale matvarer.
13.01.2016
- Satsinga på kolonial kjem av at det var ein del varer eg sakna på dei vanlege butikkane i Måløy. I tillegg er kolonialen ein flott stad å selje produkt som lærlingane lagar, og som ikkje kan brukast i restauranten.
Dette seier dagleg leiar Bente Vonheim ved i Måløy.
Den tidlegare læraren i restaurant- og matfag ved Måløy vidaregåande skule vart handplukka til å drive restauranten etter at 16 lokale Måløy-investorar gjekk inn og overtok selskapet etter at det vart oppbod. Vonheim vart samstundes medeigar i selskapet.
- Eg brenn for kokkefaget. I staden for å undervise elevane på skulen, har eg fleire av dei her som lærlingar.
- Skulen har fått ei god lærebedrift, og eg får dyktige og motiverte lærlingar. Det er ein god kombinasjon, seier Vonheim, som bur på Eid, og dagpendlar til restauranten i Måløy.
- Vi har også lefser, eplesaft, brød og andre produkt laga av lokale produsentar, men vi sel mellom anna supper, sausar og puddingar som vi lagar sjølve.
- Karamellpuddingen er veldig populær, seier Vonheim.
Ho seier at det einaste ein ikkje satsar på å selje i kolonialen, er fiskeprodukt.
- Det finst andre stader i Måløy.
- Her lagar vi alt frå grunnen av. Det er ein perfekt stad å lære faget.
Ho seier at ho har bestemt seg for å verte kokk.
- Ja, det er målet, men etter vidrageåande har eg planar om å ta eit år på folkehøgskule, før eg går vidare med kokkeyrket.
- Kanskje hamnar eg som kokk på ein båt? seier ho.
I restauranten vert det også satsa på mat av lokale produkt, ikkje minst sjømat, men Vonheim seier at ein i tillegg satsar på ulike arrangement for å halde omsetninga oppe.
- Julebordsesongen var heilt fantastisk. Då hadde vi fullt kvar helg frå 21. november.
- Då inviterer vi gourmetkokkar som lagar lekre rettar, samarbeider med Måløy vidaregåande skule, pyntar med har raud løpar, kvite dukar og har masse god kvalitetsvin til maten.
Men også oktoberfesten med øl og pølser slo an.
- Vi grilla til og med ein ein heil gris, seier ho.
Bente Vonheim seier at det er viktig å heile tida tenkje nytt.
- Det er helgane vi i stor grad lever av, sjølv om det var overraskande godt besøk i turistsesongen sist sommar.
- Vêret var dårleg, men for restaurantane var det ein god sommar.
- Dei er utruleg støttande, noko som gjer det ekstra kjekt å satse.
Ho rosar også dei andre serveringsstadane.
- Her finst fleire gode restuarantar, noko som er spesielt på ein så liten stad.
- Med fleire tilbod, er det ekstra gode grunnar til å leggje turen til Måløy, seier Bente Vonheim.
Dette seier dagleg leiar Bente Vonheim ved i Måløy.
Den tidlegare læraren i restaurant- og matfag ved Måløy vidaregåande skule vart handplukka til å drive restauranten etter at 16 lokale Måløy-investorar gjekk inn og overtok selskapet etter at det vart oppbod. Vonheim vart samstundes medeigar i selskapet.
- Eg brenn for kokkefaget. I staden for å undervise elevane på skulen, har eg fleire av dei her som lærlingar.
- Skulen har fått ei god lærebedrift, og eg får dyktige og motiverte lærlingar. Det er ein god kombinasjon, seier Vonheim, som bur på Eid, og dagpendlar til restauranten i Måløy.
Populære produkt
I kolonialen er det sal av ulike slag kaffi, sausar, ostar, olivenoljar, i tillegg til produkt laga av lærlingane.- Vi har også lefser, eplesaft, brød og andre produkt laga av lokale produsentar, men vi sel mellom anna supper, sausar og puddingar som vi lagar sjølve.
- Karamellpuddingen er veldig populær, seier Vonheim.
Ho seier at det einaste ein ikkje satsar på å selje i kolonialen, er fiskeprodukt.
- Det finst andre stader i Måløy.
Lærlingros
Flister frå Måløy er lærling ved restauranten og kolonialen. Ho rosar opplegget.- Her lagar vi alt frå grunnen av. Det er ein perfekt stad å lære faget.
Ho seier at ho har bestemt seg for å verte kokk.
- Ja, det er målet, men etter vidrageåande har eg planar om å ta eit år på folkehøgskule, før eg går vidare med kokkeyrket.
- Kanskje hamnar eg som kokk på ein båt? seier ho.
I restauranten vert det også satsa på mat av lokale produkt, ikkje minst sjømat, men Vonheim seier at ein i tillegg satsar på ulike arrangement for å halde omsetninga oppe.
- Julebordsesongen var heilt fantastisk. Då hadde vi fullt kvar helg frå 21. november.
Gourmet og oktoberfest
Ho seier at gourmetkveldane også har vore svært populære.- Då inviterer vi gourmetkokkar som lagar lekre rettar, samarbeider med Måløy vidaregåande skule, pyntar med har raud løpar, kvite dukar og har masse god kvalitetsvin til maten.
Men også oktoberfesten med øl og pølser slo an.
- Vi grilla til og med ein ein heil gris, seier ho.
God sommar
No skal det satsast på nye gourmetkveldar, men det skal også vere vinsmakingskveldar, quizkveldar og kveldar med asiatisk mat.Bente Vonheim seier at det er viktig å heile tida tenkje nytt.
- Det er helgane vi i stor grad lever av, sjølv om det var overraskande godt besøk i turistsesongen sist sommar.
- Vêret var dårleg, men for restaurantane var det ein god sommar.
Rosar næringslivet
Ho rosar næringslivsaktørane i Måløy.- Dei er utruleg støttande, noko som gjer det ekstra kjekt å satse.
Ho rosar også dei andre serveringsstadane.
- Her finst fleire gode restuarantar, noko som er spesielt på ein så liten stad.
- Med fleire tilbod, er det ekstra gode grunnar til å leggje turen til Måløy, seier Bente Vonheim.
Skulen har fått ei god lærebedrift, og eg får dyktige og motiverte lærlingar
Publisert: 13.01.2016 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52