Feel It har blitt millionbutikk
LARSNES: Feel It har passert 50 dinnershow på Larsnes, her med Trygve Sætre som solist.
Nytt

Feel It har blitt millionbutikk

For aktørane i dinnershowet er det mest dugnad som gjeld, og det skal det halde fram med.

23.11.2019
- Vi er glade amatørar som likar å synge og spele, og det er ikkje fritt for at vi stadig overgår oss sjølve i forhold til det vi sjølv trudde var muleg.
Det seier Harald Sætre i Feel It.
vart nyleg arrangert for 50. gang.
- Sidan starten har vi vorte sett av over tett på 9.000 personar.
- I starten var dei fleste lokale, no kjem folk langvegs frå, seier Sætre.

1,5 millionar årleg

Kombinasjonen er eit firerettars måltid krydra med song og musikk.
- Vi starta med eitt show i oktober 2012. Deretter fekk vi forespørsel om to ekstrashow i romjula. Deretter har det berre ‘balla’ på seg.
Satsinga omset no for rundt 1,5 millionar kroner årleg gjennom fire show på hausten og fire etter nyttår.

Rustar opp Breidablik

Det er Landsbyhuset Breidablik og Gamlebanken Scene på Larsnes som sit att med det meste av nettoen.
- Overskotet har mykje gått til å ruste opp Breidablik, og for at vi skal kunne ha topp utstyr både til vårt eige show og til andre arrangement.
Sætre opplyser at det er tre samarbeidspartar.
- Det er Landsbyhuset Breidablik, der ei rekkje personar på dugnad tar seg av alt det praktiske.
- Det er Gamlebanken Scene, som på dugnad er teknisk arrangør.
- I tillegg er det Feel It-gruppa.

- Vanvittig respons

Den siste gruppa består no av 12 artistar. Harald Sætre er sjølv trompetist og konferansier.
- Utruleg kjekt. Vi har fått ein vanvittig respons frå publikum. Dette motiverer oss til å satse vidare.
- Men vi skal ikkje gløyme at desse arrangementa er heilt avhengig av nauta' flinke folk i alle funksjonar og ledd; musikarar, kokkar, vakter, servitørar, teknisk personale, vask- og ryddepersonale.

40 i sving

Inkludert musikarar, er det over 40 personar i sving på kvart show. Alle på dugnad for ein av arrangørorganisasjonane.
- Vi skuldar alle saman stor takk, seier Sætre.
Han opplyser at gruppa har fått fleire forespørslar om å setje opp showet andre stader.
- Vi har berre ein gong vore av gard. Då reiste Feel It til trebåtfestivalen i Ulsteinvik.
- Nei, er dette so bra at vi kan fare av gard, er det så bra at folk kan kome til Larsnes, seier Sætre.

Spesialshow

Også enkeltbedrifter har tatt kontakt for å høyre om det er muleg med spesialshow.
- Dette er sjølvsagt hyggjeleg, men for oss er dette vanskeleg å få til ettersom det er ei stor gruppe personar det skal passe for.
Sætre seier at det er kjekt å sjå at det gjennom dugnad og samarbeid er muleg å få til attraktive kulturtilbod på ein så pass liten stad som Larsnes.
- Mange vert storleg imponerte over nivået. Det vert vi ofte også sjølve.
Mange vert storleg imponerte over nivået. Det vert vi ofte også sjølve

Publisert: 23.11.2019 05:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44