Fekk 100 kroner kiloen for torskefilet
PRISHOPP: Leinebris selde singelfryst torskefilet for 100 kroner kiloen.
Nytt

Fekk 100 kroner kiloen for torskefilet

Torskeprisane skyt i vêret. No har linebåten Leinebris seld torskefilet for 100 kroner kiloen.

03.03.2020
- Heilt eventyrleg, sjølv om det var snakk om eit lite volum.
Det seier fiskeseljar Daniel Harbo Pinheiro, som sist veke selde tre tonn singelfryst torskefilet (såkalla IQF-kvalitet) til 100 kroner kiloen.
Salet skjedde gjennom det Fosnavåg-baserte salsselskapet PHL Seagold.
- Vi har aldri vore i nærheita av slike prisar før. Eg trur dette må vere norgesrekord, seier Harbo Pinheiro.

Fish & chips

Det var ein fiskekjøpar i Grimsby som betalte 100 kroner kiloen for singelfryst torskefilet utan skinn og bein.
- Fisken skal seljast vidare til fish & chips-kjedene og restaurantar i England, seier Harbo Pinheiro.
Han opplyser at Leinebris på kvar tur singelfryser ein del av fisken i spesialpakningar.
- Vi prøver heile tida å få mest muleg ut av kvar kilo fisk, og vi har tru på at betalingsviljen for singelfryst torskefilet vil vekse.
- Den singelfryste fileten til Leinebris konkurrerer i hovedsak mot singelfryst filet produsert i Russland, Island, Færøyene eller Kina, og gjerne på land. Men det vi leverer er sjøfryst, produsert om bord i Leinebris, så kvaliteten er ferskare enn fersk, seier Harbo Pinheiro.

Dyr produksjon

Han seier at det er snakk om ein relativt dyr produksjonsmåte.
- Det siste salet viser at dette kan vere eit interessant produkt å satse på framover.
Fisken vart tatt på line i Barentshavet, og var ein del av totalfangsten på rundt 250 tonn.

Rekordar

Det er ikkje berre den singelfryste torsken som går for høge prisar i år.
Skreifiskarane fekk rekordprisar rundt nyttår, med over 40 kroner kiloen til fiskar.
Nyleg vart også det seld fiskeskiver av torsk i ein Oslo-butikk til , og fisketorget i Bergen var ikkje mykje dårlegare med .
Eg trur dette må vere norgesrekord

Publisert: 03.03.2020 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53