Trond Hakon Schaug Pettersen CEO Salmon Evolution 1
NØGD: Salmon Evolution-sjef Trond Håkon Schaug-Pettersen er nøgd med utviklinga ved det landbaserte oppdrettsanlegget til selskapet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fekk betre betalt ved å vente

Salmon Evolution fekk betalt for å slakte dobbelt så mykje fisk som førre periode.

Marius Rosbach
09.01.2025

Salmon Evolution kom torsdag med ei oppdatering for produksjonen ved det landbaserte oppdrettsanlegget til selskapet på Indre Harøy. 

I fjerde kvartal ble det slakta 1729 tonnsløyd og hovudkappa laks. Det er meir enn dobbelt så mykje som kvartalet før. 

Fekk ti kroner mer per kilo
Selskapet meldte i haust at dei valde å ikkje slakte så mange laks som planlagt i førre periode. Målet var å la fisken vekse seg større, og satse på høgare prisar i fjerde kvartal.

Det lukkast dei med, og gjennomsnittsprisen i fjerde kvartal vart kring 82 kroner per kilo, ifølgje børsmeldinga. Prisen i førre kvartal var 71,60 kroner per kilo.

Selskapet hadde kring 2000 tonn ståande biomasse i anlegget ved utgangen av året, ifølgje oppdateringa.

Nådde nesten produksjonsmål
Selskapet hadde eit mål om å produsere 5000 tonn sløyd og hovudkappa laks i løpet året, og kom svært nær. I løpet av 2024 ble det slakta i alt 4891 tonn fisk. 

«Salmon Evolution oppnådde betydelige milepæler i 2024 med solid vekst i slaktevolumer og sterk operasjonell fremgang gjennom året», uttaler Salmon Evolution-sjef Trond Håkon Schaug-Pettersen. 

Han er spesielt nøgd med dei biologiske resultata. I fjerde kvartal var 95 prosent av fisken av toppkvalitet. Slaktevekta for fisken var på kring 3,8 kilo, litt opp frå førre periode. 

Siste kvartalet i 2024 viste også sterk auke i fôr- og biomasse, spesielt mot slutten av perioden. 

Publisert: 09.01.2025 09:52

Sist oppdatert: 09.01.2025 09:52

Mer om