Trond Hakon Schaug Pettersen CEO Salmon Evolution 1
PÅ VENT I KOREA: Salmon Evolution har sett arbeidet med eit anlegg i Korea på sparebluss. I Indre Harøy har Salmon Evolution-sjef Trond Håkon Schaug Pettersen andre byggesteg i gang, som skal meir enn doble kapasiteten der. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Utsette slakting

Salmon Evolution satsar på høgare pris og større fisk i fjerde kvartal.

07.11.2024

Det landbaserte oppdrettselskapet Salmon Evolution gjekk i minus i tredje kvartal etter at selskapet valde å ikkje slakte så mange laks som planlagt. Salmon Evolution valde i staden i staden å la fisken vekse seg større, og også satse på høgare prisar i fjerde kvartal.

Planen å å ha slakta 5000 tonn (sløyd og hovudkappa) laks i året står fast, skriv selskapet i kvartalsrapporten for tredje kvartal.

Les børsmelding her

I tredje kvartal vart det slakta 680 tonn. 98 prosent av fisken var av toppkvalitet og gjennomsnittsprisen var 71,60 kroner per kilo.

Salmon Evolution ASA  
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner20242023
Driftsinntekt322,079,6
Driftsresultat6,6-74,7
Resultat før skatt-20,5-94,9
   
Salmon Evolution ASA  
3. kvartal. I mill. kroner20242023
Driftsinntekt51,315,9
Driftsresultat-14,2-25,9
Resultat før skatt-25,6-36,5

På vent i Korea
Salmon Evolution har planar om å vekse, første ved å utvide produksjonskapasiteten i Indre Harøy på Romsdalskysten. Der er bygginga av andre byggesteg i gang, som vil meir enn doble kapasiteten samanlikna med i dag.

Eit tredje byggesteg skal omlag doble kapasiteten ein gang til. 

I Nord-Amerika vurderer selskapet eit landbaserte anlegg, på aust- eller vestkysten og er i forhandlingar om kvar det skal ligge. Planen er på bygge eit landbasert anlegg i partnarskap med andre, og plassere det i ei region som allereie har ein infrastruktur for oppdrett.

I Korea er arbeidet med eit planlagt anlegg reduserte til eit minimum ifølgje kvartalsrapporten. Design og ingeniør-arbeidet for eit landbasert anlegg i Korea er gjort, men vidare aktivitet er redusert til eit minimum inntil vidare. Grunnen er at økonomien i prosjektet er krevande, spesilet knytt til vassinntak og -utslepp fordi det er langgrunt der anlegget er planlagt. 

No blir det arbeidd med koreanske styresmakter om mogleg statstøtte. Det er venta på ta seks til ni månadar å få ei avklaring, ifølgje kvartalsrapporten.

Publisert: 07.11.2024 10:56

Sist oppdatert: 07.11.2024 10:56

Mer om