Fekk hjelp til kjempeloeft
SOLID LØFT: Stålelementet på Lepsøybrua kom på plass ved hjelp av kranskipet HLV Uglen måndag ettermiddag.
Nytt

Fekk hjelp til kjempeløft

Store dimensjonar i materiale og «arbeidsreiskap» då Nordøyvegen markerte milepåle. Sjå bygginga av Lepsøybrua på webkamera. 

Marius Rosbach
15.09.2020

Det var ein stor dag på Nordvegen-prosjektet måndag då det første av sju stålelementa som utgjer overbygninga på Lepsøybrua vart løfta på plass.

– No blir det jobba med å kople det frå, melde prosjektet på si ved 16-tida måndag.

Elementet som no er på plass, er 114 meter langt og veg om lag 560 tonn.

Verdas største flytekran

Lepsøybrua bygd i betong og stål blir 800 meter lang. Til saman sju stålelement blir montert mellom landkara og dei seks pilarane på brua.

Stålseksjonane blir løfta på plass av kranskipet HLV Uglen, som skal vere den største flytekrana i Noreg. Den har ein løftekapasitet på 800 tonn.

Arbeidet har vore avhengig av ver og vind, og var eigentleg planlagt førre veke.

Det er mogleg å følgje bygginga påfrå Statens vegvesen (ekstern lenke)

Arbeidet har gått som planlagt

Samferdsleprosjektet skal gi veg for kring 2700 innbyggjarar på Nordøyane, over til Ålesund og fastlandet. Prisen for bygginga er på 4,9 milliardar og vegen skal etter planen takast i bruk sommaren 2022.

Prosjektleiar Marianne Nærø i sommar at bygginga var i rute og i tråd med kostnadsberekningane. På det tidspunktet var dei om lag halvvegs i det store prosjektet.

– Vi bygger til saman tre undersjøiske tunnelar og no er vi komne halvvegs i tunneldrivinga, fortalde ho.



Publisert: 15.09.2020 11:06

Sist oppdatert: 07.04.2021 16:15