Ronny Langset foto Karoline Prytz Berset 1
Ronny Langset er leiar for Kongsberg Gruppens sjømilitære kontor. I dag var han ein av innleiarane på Moakonferansen, der han mellom anna snakka om Kongberg Gruppens forsvarsstasing i regionen. Foto: Karoline Prytz Berset.
Nytt

Fekk ikkje plan A, går for plan B

Kongsberg Gruppen vil framleis spele ei hovudrolle når staten skal kjøpe 28 nye fartøy.

30.10.2025

Hadde Kongsberg Gruppen fått det heilt som dei ville, hadde staten gått inn for å kjøpe dei 28 nye fartøya til Forsvaret gjennom ein såkalla direkte anskaffelse - med Kongsberg Gruppen som lokomotivet og med fartøy bygd etter deira sitt design.

No blir bygginga lyst ut på anbod i staden, der det i løpet av neste år blir klart kven som blir vinnarar.

Les regjeringa si pressemelding her

– Når styresmaktene har tatt dette valet så repekterer og støttar vi det. Og vi har framleis lyst å delta og vere det lokomotivet, seier Ronny Langset. Han er leiar for Kongsberg Gruppen sitt sjømilitære kontor i Ålesund.

Glad for eksportsatsing
Eitt av argumenta Kongsberg Gruppen har brukt for at staten skulle gått direkte til Kongsberg Gruppen, er at det ville gjort det kjappare å kome i gang - også med å vinne innpass med norske fartøy hos andre land.

Målet om at dei norskutvikla fartøya også skal bli vald av andre land er ikkje skrinlagt - men spesielt nemd som eitt mål for regjeringa i pressemeldinga den sende ut tysdag denne veka.

– Det er gledeleg at forsvarsministeren tek med seg dette i pressemeldinga, seier Langset.

Treng avklaring
Regjeringa skriv i pressemeldinga at den har bestemt at «norske bedrifter får konkurrere om å bygge Sjøforsvarets nye standardiserte fartøy».

Målet er å gjere unna eit forprosjekt og konkurransen i løpet av 2026, med byggestart for dei første fartøya i 2026.

I første omgang ønskjer Langset seg ei avklaring på kva konkurransen skal omfatte; berre bygging eller om det først skal konkurrerast om design og deretter bygging - eventuelt om val av design og bygging blir sett under eitt. 

Publisert: 30.10.2025 15:17

Sist oppdatert: 30.10.2025 15:22