Geir Haoy Ronny Langset foto Marius 1
– KJEMPEMOGLEGHEIT: Konsernsjef Geir Håøy (t.v.) i Kongsberg Gruppen meiner Noreg har ei kjempemoglegheit til å eksportere marinefartøy til fleire nasjonar. Ronny Langset skal leie det nye sjømilitære kontoret til konsernet i Ålesund. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Fleire nasjonar står og skrapar på døra

Kongsberg-sjefen meiner Norge har ein sjeldan sjanse. Oppdraga til maritim industri kan bli langt større enn behova til vårt eige forsvar.

Ei rekke bedrifter i den maritime klynga på Nordvestlandet er i desse dagar opptekne med bu seg til kamp om dei største byggekontraktane for maritim industri i moderne tid. 

Kongsberg-sjef Geir Håøy var mellom dei som denne veka tok turen til Ålesund i samband med dei komande oppdraga - og for å opne eit nytt sjømilitært kontor i byen.

Då Nett No møtte konsernsjefen til intervju påpeiker han at det også handlar om langt meir enn «berre» oppdraga til vår eiga marine.

– Det er ein kjempemoglegheit for Norge til meir eksport. Difor er det så viktig at Norge får teke ei avgjerd no. Det er fleire nasjonar som står og skrapar på døra og har dei same behova for å fornye sjøforsvaret sitt, seier Håøy til Nett No.

–Kan gjere oss til ein hovudaktør 
Det Håøy siktar til er å både ta ei avgjerd om kven Noreg skal samarbeide med om bygging av fregattar. Det kan utløyse kjøp av norske standardiserte skip frå andre land. I tillegg kan fleire land vere interesserte i å bygge slike mindre fartøy med norsk design.

– Norge har ei moglegheit til å lage ein maritim plattform som kan gjere oss til ein hovudaktør for våre vener der ute – som har dei same behova. Det er ikkje så ofte vi får ein slik type moglegheit i Norge. Men det har vi no, påpeiker Håøy.

Håøy meiner heile den maritime klynga og forsvarsindustrien må bidra om ein verkeleg skal utnytte sjansen. 

Også statssekretær Marte Gerhardsen (Ap) i Forsvarsdepartementet fortalde nyleg til Nett No at Noreg kan bygge skip fleire land kan nytte seg av.

Norge har ei moglegheit til å lage ein maritim plattform som kan gjere oss til ein hovudaktør for våre vener der ute
Geir Håøy

Har avtaler med alle fregatt-leverandørane
Kongsberg lanserte allereie i 2019 sitt Vanguard-alternativ, som eit alternativ for standardiserte fartøy. Det skal vere ein maritim plattform og kunne bli utrusta på ulike måtar.

Slik er det fleire nasjonar som tenker, ifølgje Kongsberg-sjefen.

Parallelt med arbeidet med dei standardiserte fartøya, har Kongsberg inngått avtaler med industriaktørar i alle dei fire landa som er aktuelle som leverandørar av fregattane. 

Konseptet med standardiserte fartøy kan såleis bli ein del av større industrielle pakkar frå landet som blir valt.

– Alle dei har forplikta seg til å sjå til Vanguard-konseptet og bruke det i fornyinga av flåten i deira land - pluss at dei kan ta det med seg til allierte, seier Håøy.

Meiner ei avgjerd må takast snart
Forsvaret ønsker å standardisere fartøya sine i nokre få ulike storleiker. I tillegg til minst fem fregattar, er det skissert eit behov for opptil 28 standardiserte fartøy. 

I utgangspunktet er det snakk om 10 større skip som skal vere havgåande, og 18 mindre fartøy med kystnær plattform. Og dei første fartøya skal vere klare til å segle i 2028. 

For å nå den tidsfristen meiner Håøy det ikkje er tid til å køyre ein ordinær prosess mot ulike verft. 

– Då vil ein ikkje klare å levere i tråd med langtidsplanen, og Norge vil ha ei utfordring i forhold til kapasiteten til sjøforsvaret, seier han.  

Sjomilitaert senter Kongsberg Alesund foto Ogne
ÅLESUND: Denne veka klepte Kongsberg-sjef Geir Håøy snora for å markere opninga av konsernet sitt nye sjømilitære kontor i Ålesund. Ronny Langset til venstre for Håøy, skal leie kontoret. Arild Skoge lengst til venstre jobbar i Kongsberg Defence & Aerospace og har vore sentral i arbeidet med å utvikle eit konsept for standardiserte fartøy. Foto: Ogne Øyehaug

Kongsberg-sjefen legg ikkje skjul på at han er utolmodig, men seier han har respekt for at det er store avgjerder. 

– Men det er forsvaret som ser behova og har laga langtidsplanen. Og om dei har tenkt til å levere på den, så må det bli teke ei avgjerd snart, seier han. 

Kongsberg er klare til å sikre sin del av oppdraga. Det er bakgrunnen for å etablere eit sjømilitært kontor i Ålesund. Kontoret blir leia av Ronny Langset og skal samordne konsernet sitt arbeid med å sikre sin del av forsvarskontraktane.

– Vi har snakka med 10-12 nasjonar 
Om det norske forsvaret går for Kongsberg sitt alternativ når dei skal bygge opptil 28 standardiserte fartøy, kan ringverknadene bli enormt mykje større, ifølgje Håøy.

– Vi har snakka med 10-12 nasjonar som har sagt at dette er interessant for dei. Det er fordi dei ser at denne type tilnærming som vil vere kosteffektiv og vil møte deira behov. 

Vi har snakka med 10-12 nasjonar som har sagt at dette er interessant for dei
Geir Håøy

– Alle er opptekne av å få billigare, men kapable plattformar som dekker behovet deira. Og det er Vanguard-konseptet i eit nøtteskal, seier han.

I utviklinga av fartøyet har dei óg inngått eit samarbeid med fem verft - mellom dei Myklebust Verft og Green Yard Kleven på Nordvestlandet. 

Samtidig meiner Kongsberg-sjefen det både er naturleg - og nødvendig at dei store skrogverfta i Europa får «sin del av kaka». 

Handlar også om forsvarsevne
Håøy understrekar at innkjøp av nye militære skip handlar om meir enn prisen forsvaret skal betale for dei nye fartøya. 

– Det handlar også om beredskap og eg trur forsvaret ser at hvis Norge har dei same fregattane, eller fartøya som andre nasjonar - så er det ein fordel forsvarsmessig, sier han. 

Kongsberg-sjefen påpeiker at Norge har fått god erfaring gjennom ubåtkjøpet frå Tyskland, om korleis det kan gi allierte land auka evne til å samhandle.

Geir Haoy Ronny Langset foto Marius 4
BEREDSKAP: Kongsberg-sjef Geir Håøy påpeiker at innkjøp av nye militære skip handlar om meir enn prisen forsvaret skal betale for dei nye fartøya. At fleire allierte har same type fartøy og system, kan også gi militære fordelar. Foto: Marius Rosbach

Trur ingen andre land har same moglegheiter
Det er naturleg nok også andre land som vil vere interesserte i å levere militære skip framover. Men Geir Håøy kan ikkje så kva andre land som har dei same moglegheitene som Norge. 

– Eg kjenner ikkje noko anna land som kan levere den totalpakka, svarar han på spørsmål om andre konkurrentar. 

– Men vi opplever at mange land har dei same behova. Og mange vil snakke med Norge. Det er fordi dei både har sett konseptet, og veit at Norge kan levere «state of the art» sivile fartøy. Samtidig kjenner dei til forsvarskapasitetane vi har, legg han til. 

Kongsberg-konsernet er allereie hovudleverandør av misilar til fleire marineflåter og lagar det mest selde luftvernet i Europa.

Kan ta i bruk ny teknologi
Krigen i Ukraina er vist at ny teknologi som droner, kan spele i moderne krigføring. 

Håøy fortel at utnytting av ny teknologi nettopp er noko av tanken bak å bygge ein maritim plattform à la Vanguard. Autonome droner er til eksempel høgaktuelt å ha om bord. 

– Du kan bestykke desse fartøya ut frå kva type oppdrag dei skal utføre. Det gjer at det blir ein fleksibilitet i flåten. Då handlar det om både ROV-ar, AUV-ar og USV-ar som er tenkt nytta på desse plattformene, seier Håøy. 

For dei uinnvidde snakkar han då om fjernstyrte undervassfarkostar (av engelske remotely operated vehicle), sjølvstyrte undervassfarkostar (av engelske autonomous underwater vehicle) og sjølvstyrte overflatefartøy (av engelske unmanned surface vehicle). 

Alt dette er teknologi som Kongsberg har jobba mykje med å utvikle dei siste åra. 

Podium

E1/S3 Den store usikkerheten – lander sunnmørsk næringsliv på beina?

Publisert: 18.05.2025 05:00

Sist oppdatert: 18.05.2025 19:42

Mer om