Fekk ja til storsatsing
OPPDRETT: Anlegget vil liggje på nedsida av fylkesvegen mellom Måløy og Raudeberg.
Nytt

Fekk ja til storsatsing

Grønt lys for utbygging av landbasert storanlegg i Vågsøy.

03.01.2019
NPK-NETT NO: Verksemda Ofs Måløy har fått løyve frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til å etablere eit landbasert akvakulturanlegg i Barstadvik i Vågsøy kommune.
Løyvet gjeld ein årleg biomasse på 15.000 tonn laks og aure i oppdrettstankar på land, fortel
Fullt utbygd vil anlegget få eit karvolum på 200.000 kubikk, og ha eit arealbehov på 37,9 mål. Det inkluderer integrert slakteri.
Planen er å kjøpe smolt eksternt i første omgang, men etter kvart byggje eige klekkeri og setjefiskanlegg.

Niri-samarbeid

Bak står selskapet Onshore Fishing Solutions (OFS) Måløy, med Ronny Almenning i spissen.
OFS Måløy samareider med selskapet Niri, som i regi av gründer Arne Gravdal har utvikla løysingar for landbasert oppdrett, og som starta eit testanlegg i Irland i 2012.
I fjor kom det inn nye aksjonærar og ny kapital i Niri, og Fiskevegn-direktør Trond Inge Kvernevik gjekk inn som styreleiar.
- Det viktige er no å ta steget frå produkt til industri. Det ser bra ut, sa Kvernevik, då han orienterte om planane ved den store fiskeri- og havbrukskonferansen på Raudeberg sist haust.

50 tilsette

I Barstadvika har OFS Måløy søkt om lisens/konsesjon for produksjon av 15.000 tonn biomasse av laks og sjøørret i tankar med resirkulasjons-teknologi.
- I første fase ser vi for oss 1.000 tonn, i fase to rundt 7.500 tonn og til slutt 15.000 tonn, opplyste Kvernevik.
Han meiner at Barstadvika mellom Måløy og Raudeberg er ei ideell plassering for eit slikt stort landanlegg.
- Her er svært gode hamnetilhøve, her er det god plass, her hentar vi sjøvatnet frå 30 meters djup rett utanfor kaia, og her er det god tilgang til ferskvatn.
Etter planen skal anlegget ferdig utbygt ha opp mot 50 tilsette, der det skal vere jamn slakting gjennom heile sesongen.

Publisert: 03.01.2019 14:52

Sist oppdatert: 03.01.2024 11:22

Mer om