Fekk klaff med cruisedesign
CRUISE: Skipsdesignarane Torill Muren og Terje Våge, og salssjef på cruise, Ove Dimmen, i Ulstein Design & Solutions, er glade over interessa for Ulstein sine cruisedesign.
Nytt

Fekk klaff med cruisedesign

Satsinga på cruise gir arbeid både til Ulstein Verft og til designavdelinga.

01.03.2019
Onsdag flagga Ulstein Design & Solutions .
Torsdag var det s som vart flagga, ein kontrakt som omfattar både design og bygging.
For begge selskapa kan det verte nye kontraktar. For Sunstone er det designopsjonar på ytterlegare seks skip.

Tatt sterk posisjon

Direktør Tore Ulstein i Design & Solutions seier i ei pressemelding at Ulstein har funne svært kompetente og erfarne ekspedisjonscruisekundar i Lindblad og SusStone, og har eit godt og konstruktivt samarbeid med desse.
– Dette skaper eit grunnlag for viktig læring, seier Ulstein.
Med tolv kontraktar inkludert opsjonar på ekspedisjonscruisefartøy i løpet av tre år, har vi no etablert ein sterk posisjon som ekspedisjonscruisedesignarar, fortel han.

- Skil seg ut

Lindblad ville absolutt ha X-bow på sine skip, noko som var viktig for at kontraktene vart inngått med Ulstein.
Tore Ulstein seier at X-bow gjer at dei ulsteindesigna skipa skil seg ut.
- X-bow splittar bølgene og fjernar slag og påfølgande vibrasjonar, noko som aukar komforten til passasjerar og mannskap. Og sidan skipet brukar mindre drivstoff for å kome gjennom bølgene, bidreg baugen også til å spare energi og redusere utsleppa, seier han.

Frigjer areal

Reduserte akselerasjonar og slag gir mindre slitasje utstyr, og gir ei god plattform for eit ekspedisjonscruise. Sjølv i tøffe forhold skaper X-bow lite sjøsprøyt, slik at dekket held seg tørt, opplyser Ulstein.
Det vert også vist til at fartøyet får meir kapasitet i dei øvre baugområda, og dette er plass som kan bli brukt til observasjonssalongar, barar og anna fritidsareal.
Ulstein viser i pressemeldinga til at nokre sjøstrekningar, som Drake-passasjen, kan vere utfordrande.
- Med X-bow er reisa jamnare. Det er i mindre grad naudsynt å redusere farta, og tidstabellane kan lettare bli haldne, samtidig som forholda held seg komfortable om bord.

Interessa kom fort

Ove Dimmen er salsansvarleg for cruiseskip i Ulstein Design & Solutions. Han fortel at interessa for Ulstein sine ekspedisjonscruisedesign kom umiddelbart etter at selskapet publiserte dei første designillustrasjonane. I tillegg til X-bow, har skipa også innebygde kvalitetar for å redusere utslepp og auke driftssikkerheita.
- For eksempel tilfredsstiller skipa det nyaste "Safe Return to Port"-regelverket som inneber at skipa er delt i fleire uavhengige soner der alt naudsynt maskineri og system er dupliserte for at skipet trygt skal kunne ta seg til hamn dersom ein skade som lekkasje eller brann skulle oppstå, seier han.
- Vidare har skipa løysingar for å redusere forbruket til oppvarming og ventilasjon, med blant anna aktivt styrt attvinning på restvarme frå maskineriet og energiattvinning frå utblåsingslufta, seier han i pressemeldinga.

Publisert: 01.03.2019 06:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31